Hopp til innhald

Ust-Kut

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ust-Kut
Усть-Кут
by
Våpenskjold
Land  Russland
Føderasjonssubjekt Irkutsk oblast
Areal 56 km²
Folketal 36 918 (2021)
Grunnlagd 1631
   Bystatus 1954
Postnummer 666780
Retningsnummer (39565)
Kart
Ust-Kut
56°48′00″N 105°50′00″E / 56.8°N 105.83333333333°E / 56.8; 105.83333333333
Wikimedia Commons: Ust-Kut

Ust-Kut (russisk Усть-Кут) er ein by i Irkutsk oblast i Russland med om lag 35 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Lena, rundt 510 km nordvest for Irkutsk.

Byen vart grunnlagt i 1631 av kosakk-ataman Ivan Galkin, som bygde eit fort der. Staden fekk offisiell bystatus i 1954.

I 1951 nådde jernbanen frå Tajsjet fram til Ust-Kut. Byen vart dermed den første og einaste elvehamna ved elva Lena med jernbanesamband, og han vart dermed eit viktig knutepunkt for transport til og frå stader langs Lena, så som mesteparten av Sakha. Ust-Kut markerte slutten på jernbanelinja til i 1974, då byggearbeidet starta på utvidinga av banen, som no er kjend som Bajkal-Amur-Magistral (BAM, austover mot Bajkalsjøen og vidare. Byen vart hovudkvarter under bygginga av den vestlege seksjonen av BAM.

Ust-Kut lufthamn ligg 9 km nord for byen.

Leon Trotskij var i eksil i Ust-Kut i nokre år.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Ust-Kut