Tine

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjå òg kvinnenamnet Tine
Rosemåla tine
Kaketine rosemåla av Kari Sjursen

Tine er tradisjonelt eit større eller mindre ilåt eller ei øskje som ein kan oppbevara eller bera ting i. I Noreg har ulike typar tiner vorte nytta innan landbruket. Tradisjonelt vart tinene sveipa i tre, og kaketiner vart gjerne rosemåla, pynta med kolroser eller med karveskurd. Av andre typar kan nemnast ulltine til å ha ull i, smørtine til å ha smør i og fisketine til å ha fisk i.

Produksjon av tiner skjer gjerne som husflid. Moderne kaketiner i plast vert produsert industrielt, blant marknadsleiarane er Tupperware.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]