Tinnmaursmett
| Tinnmaursmett | |
Tinnmaursmetthann | |
| Utbreiing og status | |
| Status i verda: Utbreiinga av tinnmaursmett | |
| Systematikk | |
| Rike: | Dyr Animalia |
| Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
| Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
| Klasse: | Fuglar Aves |
| Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
| Familie: | Maurfuglfamilien Thamnophilidae |
| Slekt: | Myrmotherula |
| Art: | Tinnmaursmett M. unicolor |
| Vitskapleg namn | |
| Myrmotherula unicolor | |
Tinnmaursmett (Myrmotherula unicolor) er ein liten insektetande fugl i maurfuglfamilien. Han er endemisk for søraustlegaste Brasil.
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Tinnmaursmetten er 9 til 10 cm lang og veg mellom 6,5 og 8,5 gram. Hannen er grå med lysare underside. På halsen har han svarte fjører med små grå spissar. Hoa er olivenbrun på oversida, med noko gråare farge på issen og nakken. Oversida av stjerten er gulbrun, og vengene er gråbrune med raudleg-gulbrune kantar. Stjerten er raudleg-gulbrun. Strupen er kvitaktig, og undersida elles er hovudsakleg olivenfarga med gråare flankar.
Songen er skildra som ei rekkje enkle tonar i omtrent same tonehøgd, berre avbrotne av korte pausar.
Tinnmaursmetten lever i tropisk eller subtropisk fuktig låglandsskog og i tørre krattsletter. Han finst òg i restingaskog (skog på kvit sand), opp til kring 500 meter over havet.
Som andre i familien lever denne arten av insekt og edderkoppar. Han søkjer føde aleine, i par eller små familiegrupper, og kan òg følgje fleirartsflokkar under næringssøk.
Reiret er ein skålforma struktur på kring 8 × 6 cm og opp til 6 cm djupt, laga av røter, lauv og fiber frå ein soppart i Marasmius. Det vert plassert lågt, kring 1 til 2 meter over bakken, i ei vassrett greinkløft.
Vernestatus
[endre | endre wikiteksten]Verdas naturvernunion vurderte opphavleg tinnmaursmett som sårbar (VU) i 1994, deretter i 2004 som nær trua (NT), og sidan 2023 som livskraftig (LC). Storleiken av populasjonen er ikkje kjend, men er truleg minkande. Hovudtrusselen er tap av habitat. «Nesten all lågland-atlantisk skog utanfor verneområde har vorte avskoga innanfor sitt historiske utbreiingsområde på grunn av menneskeleg inngrep, hogst og konvertering til landbruksførermål». Han blir rekna som uvanleg i heile utbreiingsområdet. Tinnmaursmetten førekjem i fleire verneområde, dei fleste av dei i den nordlege delen av utbreiingsområdet.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Artikkelen er basert på ei omsetting av «Paranáameisenschlüpfer» frå Wikipedia på tysk, den 24. mai 2025
- Zimmer, K.; Isler, M.L. (2020). del Hoyo, J.; Elliott, A.; Sargatal, J.; Christie, D. A.; de Juana, E., red. «Unicolored Antwren (Myrmotherula unicolor), version 1.0». Birds of the World Online. Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY. doi:10.2173/bow.uniant1.01.
- Referansar
- ↑ BirdLife International (2023). «Unicolored Antwren Myrmotherula unicolor». IUCN Red List of Threatened Species 2023. doi:10.2305/IUCN.UK.2023-1.RLTS.T22701524A223525251.en. Henta 24. mai 2025.