Tjörnarp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 55°59′54.863″N 13°37′41.509″E Tjörnarp er ein tettstad i Höörs kommun i Skåne län i Sverige. I 2005 hadde tettstaden 742 innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tjörnarp heitte opphavleg Thyrnetorp, fekk så namnet Tiörenrup, før han fekk sitt noverande namn. Tjörnarp har hatt busetnad i lange tider, det er mellom anna dokumentert steinalderbusetnad og jernaldergraver.

På 1850-talet byrja ein å produsere tegl her, då Gunnarpsdalen var rik på leire. Det blei bygd ein stor ringomn i 1898. Produksjonen av teglstein låg på om lag 3 millionar per år fram til 1958, då den store omnen brann ned og produksjonen tok slutt. I dag er omnen ein turistattraksjon.

Da Södra stambanan blei bygd i 1860, stoppa mange godstog og persontog på Tjörnarps stasjon. På 1950-talet var det mange mindre industriføretak i Tjörnarp, som Gunnarps teglfabrikk, stivelsesfabrikk, strømpefabrikk, meieri og mølle. Det var òg ni pensjonat på staden med fleire ferieheimar. Eitt av dei finst framleis, Tjörnarps kursgård, som i dag er hytteby for ferierande danskar.

Jernbanestasjonen er nedlagt og rive, men det går bussar mot Höör og Sösdala.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]