Tjongsfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Blokktind ved Tjongsfjorden

Tjongsfjorden er ein fjord i Rødøy kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 17 km austover til Reppa i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Sleipnesodden i nord og Skarvhalsen i sør. Vågaholmen ligg på nordsida av fjorden. Herfrå gjekk det tidlegare ferje til Jektvika i Værangen. Like aust for Vågaholmen ligg grenda Seglfor og rett over på andre sida av fjorden ligg grenda Nord-Værnes. Litt lenger inn på nordsida av fjorden ligg bygda Kila. Ho ligg like vest for grenda Tjong, som fjorden er kalla opp etter. På andre sida av fjorden går den 2 km lange bukta Hopen sørover.

Fylkesveg 17 går langs indre og nordlege delar av fjorden ut til Tjong. Frå her går Fv437.