Tofte i Hurum
| Tofte i Hurum | |||
| stad | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
![]() Tofte 59°32′35″N 10°33′37″E / 59.5431°N 10.5603°E | |||
| Wikimedia Commons: Tofte | |||

Tofte er ein tettstad ved Oslofjorden på Hurumlandet, lengst sør i Asker kommune, Akershus. På Tofte bur det 3158 innbyggjarar per 1. januar 2024 Tofte, og er den nest største tettstaden i Hurum.
Stadnamnet
[endre | endre wikiteksten]Namnet Tofte kjem truleg av det norrøne namnet *Þopta. Truleg var dette det gamle namnet på Tofteelva som seinare garden litt ovanfor elveutlaupet i Toftebukta. Det kan hende også namnet har ei anna tyding som no er gløymt.
Natur
[endre | endre wikiteksten]Tofte ligg lengst inn i Ytre Oslofjord heilt sør på Hurumlandet. Ved Tofte finn ein naturreservata Tofteholmen, Ranvikholmen og Mølen som alle har eit rikt plante- og fugleliv. Omkring Tofte er det monaleg førekomstar av dei sjeldne artane misteltein og barlind
Historie
[endre | endre wikiteksten]Før 1897 var det ikkje noko tettstad på Tofte, einaste busetjing på staden var garden Tofte med underliggjande husmannsplassar. Tofte Gard er fyrst kjent nemnt i Biskop Eysteins jordebok frå 1390-åra, men garden er truleg mykje eldre. Ved utgangen av 1500-talet er det teke vare på skattelister som tyder på at Tofte var ein av dei største gardane på Hurum. So seint som i 1891 budde det berre 16 personar på Tofte. Ved midten på 1890-talet vart det bygt eit marmorsliperi på Sagene, men det var kun i drift i nokon få år.
I 1896 kjøpte Anthon B. Nilsen Tofte Gard med tilhøyrande skogeigedomar for å byggja ein cellulosefabrikk på garden. I 1897 vart fabrikken bygt og sett i drift i 1899. No hendte det ein stor aukning av menneske som flytta til Tofte. I 1907 grunnla Anthon B. Nilsen endå ein Cellulosefabrikk, men no på Sagene. Desse 2 fabrikkane var hyrnesteinane for Tofte.
Fabrikken på Sagene var i drift heilt opp til 2008, medan eldste fabrikken var i drift til 2013. I 2015 vart fabrikken på Tofte riven og 2022 var fabrikken på Sagene riven. Det er nokon få bygnadar frå gamlefabrikken som er freda.
Transport
[endre | endre wikiteksten]Fylkesveg 281 er gjennomfartsvegen igjennom Tofte. Bussrute 256 mellom Klokkarstua og Sætre gjev Tofte buss samband vidare til Asker. Oslo og Drammen.
Utdanning
[endre | endre wikiteksten]På Tofte ligg Tofte barneskule og Tofte Ungdomskule. For elevar frå Tofte er Røyken vidaregåande skule nærmaste vidaregåande skule.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]- Tettstaden Tofte i Hurum.Foto: Hans Olav Lien
- Södra Cell Tofte ligg midt på Tofte.Foto: Kjetil Lenes
- Folkets Hus på Tofte, bygd i 1930 av dei to fagforeiningane på staden.Foto: Kjetil Lenes
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Delar av denne artikkelen bygger på «Tofte» frå Wikipedia på bokmål, den 4. oktober 2025.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Hurum fabrikker
- Södra Cell Tofte Arkivert 2018-12-27 ved Wayback Machine.
