Tofte i Hurum
Utsjånad
Tofte er ein tettstad ved Oslofjorden, lengst sør i Asker, Akershus. Tofte voks opp rundt celluloseproduksjon. Verksemda starta i 1899 som Tofte Cellulosefabrikk, og er i dag svensk-eigd under namnet Södra Cell Tofte og produserer papirmasse. På staden ligg òg Hurum fabrikker som lagar returpapir. Den verksemda starta òg som «sulfatmassefabrikk», i 1906.
På Tofte bur det 3 110 innbyggjarar per 1. januar 2023.
-
Tettstaden Tofte i Hurum. (Foto: Hans Olav Lien)
-
Södra Cell Tofte ligg midt på Tofte. (Foto: Kjetil Lenes)
-
Folkets Hus på Tofte, bygd i 1930 av dei to fagforeiningane på staden. (Foto: Kjetil Lenes)
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Hurum fabrikker
- Södra Cell Tofte Arkivert 2018-12-27 ved Wayback Machine.