Tohjulstraktor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tohjulstraktor.
Kubota tohlulstraktor.
Tohjulstraktor.

Tohjulstraktor er ein liten traktor med berre ein aksling. Tohulstraktorar hadde tidlegare stor utbreiing på små bruk, som ikkje gav nok utkomme til å kjøpa firehjulstraktor.

Oppbygging[endre | endre wikiteksten]

Motoren og girkassen er plasserte slik at traktoren balanserer på akslingen. Føraren går bak maskina og styrer ho med eit styre. Traktorane har masse frå 200 til 400 kg, så i bratt lende er bruk av tohjulstraktor tungt arbeid som krev sin mann. Dei fleste tohjulstraktorane har kraftuttak og nokre vert nytta med tilhengarar med drift på tilhengarhjula. Ein får då ein rammestyrt firehjulstraktor, med lågt tyngdepunkt. Slike maskiner tok seg godt fram på brattlendte bruk.

Tohjulstraktorane vert produserte i ulike storleikar og motorar med frå 6 til 9 hk er vanlege, men nokre har større motor. Dei minste tohjulstraktorane har som oftast totakts forgassarmotor, medan dei største ofte har firetakts forgassar- eller dieselmotor.

Bruksområde og utbreiing[endre | endre wikiteksten]

I Noreg spela tohjulstraktorane ein viktig for mekaniseringa av dei mange små brattlendte bruka i fjordane på vestlandet. Mange småbruk gjekk frå hest til tohjulstraktor på 1950-talet. Etter kvart auka tilbodet av reiskap til dei, slik at dei kunne nyttast fot dei fleste arbeidsoppgåvene. Slåmaskin og jordfres er vanlege reiskap, men tidlegare vart dei òg utstyrte med belte og vinsj og nytta i skogen [1]. Agria Drott og Drabant hadde etter måten stor utbreiing i skogbruket1960-talet.

Talet på tohjulstraktorar i Noreg auka snøgt etter 2. verdskrig og auken heldt fram heilt til slutten av 1970-talet [1]. Toppen vart nått i 1979, då det var 21938 tohjulstraktorar i Noreg[1]. I dag er det ikkje så mange norske småbruk i drift lenger og tohjulstraktorane er mest av historisk betyding. Men i mange land, som til dømes Hellas, Kina og mange andre land i Asia, spelar tohjulstraktorane framleis ei viktig rolle.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Jensen, A., Tohjulingar i landbruket, Landbruksforlaget, 2001.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]