Tohokuregionen
| Tōhoku | |||
| 東北地方 | |||
| region | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Areal | 66 889,55 km² | ||
| Folketal | 9 335 636 (1. oktober 2010)[1] | ||
![]() Tohokuregionen 38°54′N 140°40′E / 38.9°N 140.67°E | |||
| Wikimedia Commons: Tōhoku region | |||
Tohokuregionen (東北地方 Tōhoku-chihō) er ein tradisjonell japansk region som ligg nordaust på Honshu, den største av dei øyane som utgjer Japan. Regionen omfattar seks prefektur: Akita, Aomori, Fukushima, Iwate, Miyagi og Yamagata. Den største byen her er Sendai.
Urfolket emishi heldt til i dette området og gjorde motstand mot det japanske keisardømet frå 600- til 900-talet, då dei blei erobra.
Tohoku har lenge vore eit viktig jordbruksområde, og står for rundt 20 % av den japanske rishausten, sjølv om klimaet gjer at ein berre kan haust ei avling om året. Ris herfrå har gått til viktige område som Tokyo og Yokohama. I 1960-åra byrja ein utvikla jern-, stål-, sement-, papir-, petroleums- og kjemisk industri i området. Regionen har også mykje turisme.
Det kraftige jordskjelvet i mars 2011 fann stad like utanfor Tohokuregionen, og førte saman med den påfølgjande tsunamien til enorme skader.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ https://www.stat.go.jp/data/kokusei/2010/kihon1/pdf/gaiyou2.pdf; uttrykt i referansen som: region:9335636 /Japan:128057352 =7.29%.
- Denne artikkelen inneheld stoff frå «Tōhoku region» frå Wikipedia på engelsk, den 30. april 2011.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Denne geografiartikkelen som har med Japan å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |

