Aichi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kart over Aichi prefektur

Aichi er eit prefektur i Chūburegionen på øya Honshu i Japan. Hovudstaden i Aichi er Nagoya, og det er elles 34 andre byar i prefekturet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Inuyama slott i Aichi

Opphavleg var Aichi delt opp i tre område, Owari, Mikawa og Ho, men gjennom fleire samanslåingar vart det til det som i dag er Aichi prefektur. Aichi fekk sin noverande storleik og form i 1872. Ogso inndelinga innanfor Aichi har vore gjennom fleire endringar, og har gått frå oppimot 3 000 byar og tettstadar, til 61 kommunar frå 2003.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Aichi preferktur ligg om lag halvveges ned Honshu-øya. Kystlina inneheld Isebukta og Mikawabukta. Aichi dannar ein stor del av Nobisletta, vest til Kisoelva. Yahagielva renn gjennom det sentrale Aichi, og i aust er det meir skogkledd. Høgaste punkt er Chausuyama, 1415 moh. Aichi grensar til prefektura Nagano, Shizuoka, Gifu og Mie.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Oversyn over delar av Nagoya, hovudstaden i Aichi

Aichi har eit folketal på 7 296 527 (2006), og er soleis det fjerde største prefekturet etter folketal. Nagoya i vest er den fjerde største byen i Japan. Områda i aust er mindre tettbygde, men ogso her er det fleire store industriområde, og Aichi hadde den høgaste folketalsvoksteren i 2007, foran Tokyo.

Industri[endre | endre wikiteksten]

Aichi er det tyngst industrielle prefekturet i Japan, og er mellom anna hovudsete for Toyota Motor Corporation, verdas største bilprodusent, i byen Toyota. Andre store selskap som har fabrikkar i prefekturet er Daimler Chrysler, Fuji Heavy Industries, Mitsubishi Motors, Pfizer, Sony, Suzuki, og Volkswagen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.