Toivo Hyytiäinen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Toivo Hyytiäinen
Toivo Hyytiäinen.jpg
Toivo Hyytiäinen og Per-Arne Berglund i 1951
Fødd 12. november 1925
Saarijärvi
Død

21. oktober 1978
Saarijärvi

Yrke spydkaster, friidrettsutøvar

Toivo Armas Hyytiäinen (12. november 192521. oktober 1978) var ein finsk spydkastar. Han vart europameister i spydkast i 1950, og fekk bronsemedaljen i same øvinga under 1952-olympiaden på finsk heimebane i Helsingfors. Han var både fødd og døydde i Saarijärvi.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Hyytiäinen slo gjennom internasjonalt med EM-gull i 1950 i Brussel. To år etter fekk han olympisk bronse under OL 1952 i Helsingfors med eit kast på 71,89. Denne medaljen vart den einaste friidrettsmedaljen til Finland. Cy Young frå USA vart olympisk meister med eit bestekast på 73,78 m.

Hyytiäinens personlege rekord var på 78,98 m og vart oppnådd våren 1954 i Helsingfors.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • EM 1950 i Brussel: Gullmedalje – 71,26, framom Per-Arne Berglund frå Sverige (70,06 m)
  • OL 1952 i Helsingfors: Bronsemedalje – 71,89 m
  • EM 1954 i Bern: Nr 9 – 68,24 m

Kjelder[endre | endre wikiteksten]