Tollef Strand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tollef Strand
Fødd 1782
Elverum
Død

23. mars 1826 (43 år)
Elverum

Yrke politikar, bonde

Tollef Hanssen Strand (178223. mars 1826) var ein norsk lensmann og stortingsmann frå Elverum i Hedmark.

Strand var son til ein gardbrukar. Sjølv var han underoffiser i 1814. På Stortinget 1815-16 var Strand 3. representant frå Hedemarkens amt. Han var då medlem av seks komitear, mellom anna i komiteen om militære saker, innkvartering og verneplikt på godseigedomar. Seinare vart han lensmann i heimbygda Elverum, ei stilling han hadde til han døydde, 43 år gammal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]