Tom Erik Nordberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tom Erik Nordberg
Personleg informasjon
Fullt namn Tom Erik Heir Nordberg
Kallenamn Tommen
Fødd 10. juli 1985 (38 år)
Fødestad Levanger
Høgd 195 cm
Posisjon Forsvarsspelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Rosenborg
Nummer 17
Ungdomsklubbar
–2003 Noreg Vuku
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2003–200#
200#–200#
2005–2008
2007
2008–2010
2010
2010–
2010
2011
Noreg Vuku
Noreg Verdal
Nederland Sparta
Noreg Levanger (lån)
Noreg Levanger
Noreg Ranheim
Noreg Rosenborg
Noreg Ranheim (lån)
Noreg Haugesund (lån)
  1. (#)
    # (#)
    # (#)
    5 (0)
    47 (3)
    14 (0)
    0 (0)
    14 (1)[1]
    14 (2)[1]
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 2. juli 2011

Tom Erik Heir Nordberg (fødd 10. juli 1985 i Levanger) er ein norsk fotballspelar som hausten 2011 spelar som midtstopper for Rosenborg.

Nordberg starta karrieren sin i moderklubben Vuku Idrettslag og debuterte allereie i 2003 for Vuku sitt A-lag.[2] Grunna fysioterapistudiar flytta Nordberg til Nederland og skulelaget Sparta Enschede i ein lågare nederlandsk divisjon. Mens han var heime i Noreg grunna opphald i studiane, hospiterte han for den tidlegare klubben sin.[3] Etter ein slik kamp måtte Nordberg fraktast til St. Olavs hospital for operasjon av ansiktet, der han hadde fått brot grunna ein duell med ein motspelar.[4]

Då studiane i Nederland var ferdige ein gong for alle, blei Nordberg haustsesongen 2007 lånt ut til Levanger, og han fekk permanent kontrakt med klubben neste sesong.[5] Då kontrakten med Levanger gjekk ut, valde Nordberg å melde overgang til den ferske Adeccoligaklubben Ranheim. Der gjorde han sakene sine så bra at Rosenborg blei interessert. Han signerte for Rosenborg Ballklub 6. august 2010, med lengd til 31. desember 2011.[6] Han blei straks lånt ut til Ranheim ut 2010-sesongen. Vårsesongen 2011, ut juli månad, var han på lån hjå Haugesund i Tippeligaen, der han spelte fast på laget.[7]

Sommaren 2009 var Nordberg på tredagars treningsopphald med den engelske Championship-klubben Derby County.[8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Norsk og internasjonal fotballstatistikk
  2. «"Restene" er bra nok!». T-A.no. 21. april 2004. Henta 5. mars 2010. [daud lenkje]
  3. «Tom Erik tar utfordringen». T-A.no. 23. juli 2007. Henta 5. mars 2010. [daud lenkje]
  4. «– Jeg er klar om fire uker». T-A.no. 16. august 2006. Henta 5. mars 2010. 
  5. «Nordberg tapt for Vuku». Verdalingen.no. 18. januar 2008. Henta 5. mars 2010. [daud lenkje]
  6. «Nordberg til RBK». RBK.no. 6. august 2010. Arkivert frå originalen 24. august 2010. Henta 6. august 2010. 
  7. "Nordberg tilbake til Rosenborg"[daud lenkje] frå FK Haugesund sine nettsider.
  8. «– Venter ikke på telefon fra Derby». T-A.no. 17. juli 2009. Henta 5. mars 2010. [daud lenkje]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]