Tom Kristiansen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tom Kristiansen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 3. februar 1956
Oslo
Idrett skihopping
Yrke skihoppar

Tom Kristiansen (fødd 3. februar 1956) er ein norsk tidlegare skihoppar frå Oslo som i mars 1980 vart den fyrste nordmannen som vann eit verdscuprenn i skihopping. Han var medlem av Årvoll Idrettslag.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Under noregsmeisterskapen i Marikollen i 1975 var Johan Sætre klart best, med Tom Kristiansen på ein rimeleg klar andreplass. Men dei neste seongane gjorde han lite av seg i hoppbakken.

Kristiansen overraska stort då han 10. mars 1980 i franske Saint Nizier vann eit hopprenn i verdscupen framfor austerrikaren Alois Lipburger, med sin eigen landsmann Tom Levorstad på tredjeplass. Det var den aller fyrste sigeren til ein nordmann i eit renn i verdscupen i skihopping, få månader etter turneringa var sett i gang.

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1975: Sølvmedalje i normalbakken i Rælingen
  • 1976: Nr 11 i normalbakken i Fåvang
  • 1979: Nr 5 i storbakken i Bærum
  • 1980: Nr 6 både i normalbakken i Asker og storbakken i Meldal

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar