Tom Leeb

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tom Leeb

Fødd21. mars 1990 (34 år)
FødestadParis
OpphavFrankrike
Aktiv2018–
Sjangerfolkemusikk, folkrock, indiefolk
Instrumentvokal, gitar
PlateselskapRoy Music
Verka somskodespelar, songar-låtskrivar, filmregissør
FarMichel Leeb

Tom Leeb (fødd 21. mars 1990[1][2]) er ein fransk songar, låtskrivar, komikar og skodespelar. Leeb skulle ha representert Frankrike i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland med songen «The Best in Me», men 18. mars 2020 avlyste EBU Eurovision Song Contest på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.[3]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Leeb vart fødd i Paris i 1989, som son av humoristen Michel Leeb og journalisten Béatrice Malicet. Han er den yngste av tre barn, etter storesystrene Fanny (fødd 1986) og Elsa (fødd 1988). Etter skulegangen studerte han teater, film, song og dans i New York i fem år.[4]

Allereie som 14-åring, i 2003, spelte Leeb i teaterversjonen av Mrs. Doubtfire, saman med far sin. I 2013 fekk han rolla som Tom i tv-serien Sous le soleil de Saint-Tropez, deretter spelte han rolla som Adrien i ein episode av tv-serien Section de recherches.[5]

I 2014 hadde Leeb ei lita rolle i filmen Avis deimistral, og to år seinare hadde han ei større rolle i den franske komedien Paroles. I 2014 danna han òg ein humorduo saman med skodespelaren Kevin Levy, og saman skapte dei sitt fyrste show, Kevin & Tom. Parallelt med ei rekkje tilstellingar i Paris, publiserte dei fleire YouTube-videoar under tittelen: « Comment… » ('Korleis ').[6]

I mars 2018 debuterte Leeb som songar og musikar, og gav ut sin fyrste singel, «Are We too Late», på selskapet Roy Music. Han er inspirert av artistar som John Mayer, Matt Corby og Ben Howard.[4] I januar 2020 kunngjorde den franske TV-kanalen France 2 at dei hadde vald Tom Leeb til å representere Frankrike i Eurovision Song Contest 2020.[4] Han skulle ha opptredd med songen «The Best in Me». På grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 såg EBU seg nøydd til å avlyse Eurovision Song Contest for å hindra spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen COVID-19.[7]

Filmografi[endre | endre wikiteksten]

Utval av filmar og seriar:[5]

Filmar[endre | endre wikiteksten]

  • 2013: Paroles
  • 2014: Avis de mistral – Tiago
  • 2017: Jour J – Gabriel
  • 2017: Overdrive – amerikansk turist nummer 2
  • 2017: Mon poussin – Romain
  • 2017: Papillon – advokat
  • 2017: Les Nouvelles Aventures di Cendrillon – den kortvaksne Relou
  • 2019: Edmond – Leo Volny
  • 2020: Pourris gâtés
  • 2021 : 8, Ru dei L’Humanité – Sam (Netflix)
  • 2021 : Pierre & Jeanne Clémentine Célarié - Paul (Basert på ein roman av Guy dei Maupassant)

TV-seriar[endre | endre wikiteksten]

  • 2013–2014: Sous le soleil de Saint-Tropez – Tom Drancourt (sesong 1–2)
  • 2014: Section de recherches TF1 – David Bréand (sesong 8, episode 9)
  • 2018: Nina France 2 – Anto (sesong 4, episode 4)
  • 2020 : Infidèle TF1 – Gabriel (sesong 2)
  • 2021 : Plan B TF1 – Manu (sesong 1)

Teater og scene[endre | endre wikiteksten]

  • 2003: Madame Doubtfire – tilpassa av Albert Algoud, regissert av Daniel Roussel, Théâtre de Paris
  • 2013: Kevin & Tom

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

  • 2018: Tom Leeb (EP)
  • 2019: Recollection

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • 2018: «Are We too Late»
  • 2019: «Go On»
  • 2019: «Sun»
  • 2020: «The Best in Me»

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. LAURENT, TARDIEU. «Rencontre avec ... TOM LEEB» (på fransk). Henta 15. januar 2020. 
  2. «Tom Leeb - Biographie». Henta 15. januar 2020. 
  3. Granger, Anthony (20. mars 2020). «Belgium: Hooverphonic Will Compete At Eurovision 2021» (på engelsk). Henta 20. mars 2020. 
  4. 4,0 4,1 4,2 «Tom Leeb will represent France at the Eurovision Song Contest 2020». eurovision.tv. 14. januar 2020. Henta 15. januar 2020. 
  5. 5,0 5,1 «Tom Leeb». Henta 15. januar 2020. 
  6. «Confirmed! Singer-songwriter Tom Leeb will represent France at Eurovision 2020» (på engelsk). 14. januar 2020. Henta 15. januar 2020. 
  7. Svendsen, Maiken (18. mars 2020). «Eurovision Song Contest avlyst» (på norsk bokmål). Henta 20. mars 2020.