Frankrike i Eurovision Song Contest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Frankrike
EuroFrancia.svg
Offisielt Frankrike
Uttakingar
Deltaking
Debutår 1956
Deltakingar 60
Beste resultat
Finalen 1 (1958, 1960, 1962, 1969, 1977)
Verste resultat
Finalen Sisteplass (2014)
Poeng
Totalt 4 406

Frankrike debuterte i den fyrste utgaven av Eurovision Song Contest i 1956 og har deltek nesten kvart år sidan, unntaka er 1974 og 1982. Med fem sigrar og ytterlegare 20 topp fem-plasseringar er Frankrike eit av dei mest suksessrike landa i Eurovision Song Contest. Landet er ein av «dei fem store» – ei gruppe på fem land som er automatisk kvalifisert til finalen på grunn av sine store økonomiske bidrag til tevlinga.[1] Frankrike har berre kome sist éin gong i tevlinga, i 2014.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Fleire kringkastarar har stått bak Frankrikes bidrag til Eurovision Song Contest. I dag er det allmennkringkastaren France 2 som sender konkurransen i Frankrike, og som vel landets song og artist til Eurovision Song Contest.

André Claveau skaffa Frankrike sin fyrste siger i 1958.

Landet var eitt av sju land som deltok i den aller fyrste utgåva av Eurovision Song Contest, og har berre stått over konkurransen ved to anledningar: i 1974 og 1982. I 1974 hadde Frankrike valgt både artist og song til tevlinga, men landets president, Georges Pompidou, døydde fire dager før finalen. I respekt for sin avdøde statsleiar, valde difor Frankrike å trekkje seg frå tevlinga.[2] I november 1981 trakk TF1 seg frå Eurovision Song Contest 1982. Bakgrunnen var at tv-kanalens underhaldingssjef, Pierre Bouteiller, meinte konkurransen besto av middelmåtige songar og lite talent. Men året etter tok konkurrenten Antenne 2 over jobben, og Frankrike var tilbake igjen i Eurovision Song Contest 1983.[3]

Suksess og nedtur[endre | endre wikiteksten]

Frankrike dominerte tevlinga fram til byrjinga av 1980-åra og er saman med Storbritannia eit av dei mest suksessrike landa i Eurovision Song Contest. Landet har vunne tevlinga fem gongar og kom stort sett på topp fem kvart einaste år i 1960- og 1970-årene. Frankrike har fire andreplassar og sju tredjeplassar, og berre Storbritannia kan måle seg med dette.

Men dei siste par tiåra har Frankrikes dominans gradvis vorte svekka, og i 1998 innleia landet ei long rekkje med elendige resultater. Med unntak av eit par topp ti-plasseringar har Frankrike stort sett kome blant dei fem siste sidan 2005. I 2014 vart bunnen nådd, då Frankrike enda sist for fyrste gang i historien med gruppa Twin Twin. I 2016 kom Frankrike på ein sjetteplass – landets beste plassering på heile 14 år.

Catherine Ferry fekk ein stor hit i Noreg med «Un, deux, trois» i 1976.[4]

Frankrike har heller ikkje vunnet tevlinga sidan 1977, sjølv om landet var nær ved å vinne i 1991. Franske Amina og svenske Carola enda begge med 146 poeng. Dimed måtte man telje antall 12-poengare. Både Carola og Amina hadde fått fire tolvare, men Carola hadde fått fleire 10-poengare. Dimed vann Sverige på målstreken framfor Frankrike.

Ein av dei store[endre | endre wikiteksten]

I 2000 innførte Den europeiske kringkastingsunion ei ordning som sikra dei fire største økonomiske bidragsytarane direkte plass i finalen. Dei fire landa var Frankrike, Storbritannia, Tyskland og Spania, og gruppa vart kalt dei fire store. I 2011 kom Italia tilbake i tevlinga, og gruppa vart utvida til dei fem store. Frankrike har dimed aldri delteke i ein semifinale i Eurovision Song Contest.[1]

Bidrag[endre | endre wikiteksten]

I 1956 stilte kvart land med to songar kvar. Berre vinnaren vart offentleggjort, dei øvrige plasseringane er difor ikkje kjend.[5]

År Artist Tittel Finale Poeng Semi Poeng
1956 Mathé Altéry «Le temps perdu» Ukjent Ukjent Ingen semifinaler
Dany Dauberson «Il est là» Ukjent Ukjent
1957 Paule Desjardins «La belle amour» 2 17
1958 André Claveau «Dors, mon amour» 1 27
1959 Jean Philippe «Oui, oui, oui, oui» 3 15
1960 Jacqueline Boyer «Tom Pillibi» 1 32
1961 Jean-Paul Mauric «Printemps, avril carillonne» 4 13
1962 Isabelle Aubret «Un premier amour» 1 26
1963 Alain Barrière «Elle était si jolie» 5 25
1964 Rachel «Le chant de Mallory» 4 14
1965 Guy Mardel «N'avoue jamais» 3 22
1966 Dominique Walter «Chez nous» 16 1
1967 Noëlle Cordier «Il doit faire beau là-bas» 3 20
1968 Isabelle Aubret «La source» 3 20
1969 Frida Boccara «Un jour, un enfant» 1 18
1970 Guy Bonnet «Marie-Blanche» 4 8
1971 Serge Lama «Un jardin sur la terre» 10 82
1972 Betty Mars «Comé-comédie» 11 81
1973 Martine Clemenceau «Sans toi» 15 65
1974 Dani «La vie à vingt-cinq ans» Trukket
1975 Nicole Rieu «Et bonjour à toi l'artiste» 4 91
1976 Catherine Ferry «Un, deux, trois» 2 147
1977 Marie Myriam «L'oiseau et l'enfant» 1 136
1978 Joël Prévost «Il y aura toujours des violons» 3 119
1979 Anne-Marie David «Je suis l'enfant-soleil» 3 106
1980 Profil «Hé, hé M'sieurs dames» 11 45
1981 Jean Gabilou «Humanahum» 3 125
1982 Deltok ikkje
1983 Guy Bonnet «Vivre» 8 56
1984 Annick Thoumazeau «Autant d'amoureux que d'étoiles» 8 61
1985 Roger Bens «Femme dans ses rêves aussi» 10 56
1986 Cocktail Chic «Européennes» 17 13
1987 Christine Minier «Les mots d'amour n'ont pas de dimanche» 14 44
1988 Gérard Lenorman «Chanteur de charme» 10 64
1989 Nathalie Pâque «J'ai volé la vie» 8 60
1990 Joëlle Ursull «White and Black Blues» 2 132
1991 Amina «C'est le dernier qui a parlé qui a raison» 2 146
1992 Kali «Monté la riviè» 8 73
1993 Patrick Fiori «Mama Corsica» 4 121 Kvalifikacija za Millstreet
1994 Nina Morato «Je suis un vrai garçon» 7 74 Ingen semifinaler
1995 Nathalie Santamaria «Il me donne rendez-vous» 4 94
1996 Dan Ar Braz og L'héritage des Celtes «Diwanit Bugale» 19 18 11 55
1997 Fanny «Sentiments songes» 7 95 Ingen semifinaler
1998 Marie Line «Où aller» 24 3
1999 Nayah «Je veux donner ma voix» 19 14
2000 Sofia Mestari «On aura le ciel» 23 5
2001 Natasha St-Pier «Je n'ai que mon âme» 4 142
2002 Sandrine François «Il faut du temps» 5 104
2003 Louisa Baïleche «Monts et merveilles» 18 19
2004 Jonatan Cerrada «À chaque pas» 15 40 Direktekvalifisert
2005 Ortal «Chacun pense à soi» 23 11
2006 Virginie Pouchain «Il était temps» 22 5
2007 Les Fatals Picards «L'amour à la française» 22 19
2008 Sébastien Tellier «Divine» 19 47
2009 Patricia Kaas «Et s'il fallait le faire» 8 107
2010 Jessy Matador «Allez Ola Olé» 12 82
2011 Amaury Vassili «Sognu» 15 82
2012 Anggun «Echo (You and I)» 22 21
2013 Amandine Bourgeois «L'enfer et moi» 23 14
2014 Twin Twin «Moustache» 26 2
2015 Lisa Angell «N'oubliez pas» 25 4
2016 Amir «J'ai cherché» 6 257
2017 Alma «Requiem» 12 135
2018 Madame Monsieur «Mercy» 13 173

Røystgjeving[endre | endre wikiteksten]

Sidan 1957 har Frankrike gjeve og fått flest poeng frå:

Mest poeng gitt til:
Nr. Land Poeng
1 Storbritannia 189
2 Spania 170
3 Israel 160
4 Portugal 156
5 Tyrkia 151

Mest poeng mottatt frå:
Nr. Land Poeng
1 Sveits 178
2 Nederland 162
3 Noreg 159
4 Tyskland 155
5 Belgia 153

Talla over inkluderer berre poeng i finalar. Poeng i semifinalane er ikkje med.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Eurovision Song Contest i Frankrike[endre | endre wikiteksten]

År Sted Arena Programleiar
1959 Flagget til Frankrike Cannes Palais des Festivals Jacqueline Joubert
1961
1978 Flagget til Frankrike Paris Palais des Congrès Denise Fabre og Léon Zitrone

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Victor M. Escudero (23. september 2015). «'Big Five' and host country more prominently in the Semi-Finals». Den europeiske kringkastingsunion. Henta 1. desember 2016. 
  2. Historie - Eurovision Song Contest 1974 Eurovision.tv
  3. 1982 Eurovision source in French
  4. «VG-lista for 'Un, deux, trois'». VG Nett. Henta 10. desember 2016. 
  5. Historie - Eurovision Song Contest 1956 Eurovision.tv

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]