Tommy Cogbill

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tommy Cogbill
Fødd8. april 1932(1932-04-08)
FødestadJohnson Grove i Tennessee i USA
Død7. desember 1982 (50 år)
DødsstadNashville i Tennessee i USA
FødenamnThomas Clark Cogbill
OpphavUSA
SjangerSoul, R&B, country
InstrumentBassgitar, gitar
Verka somMusikar, låtskrivar, plateprodusent

Thomas Clark Cogbill (8. april 19327. desember 1982) var ein amerikansk R&B-, soul- og countrybassist, gitarist og plateprodusent.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Tommy Cogbill var fødd i Johnson Grove i Tennessee. Han var ein særs etterspurt studiomusikar og spelte på mange klassiske innspelingar i 1960- og 1970-åra, særleg frå Nashville, Memphis og Muscle Shoals. Han er omtalt som inspirasjon for mange bassistar, som Jaco Pastorius. Seint i 1960- og tidleg i 1970-åra arbeidde Cogbill mykje i American Sound Studio i Memphis[1] som produsent og so ein del av den faste rytmeseksjonen til studioet, kjend som The Memphis Boys.[2]

Ein av dei mest kjende innspelingane hans er basslinja på Dusty Springfield-hitten «Son of a Preacher Man» frå 1969, produsert av Jerry Wexler og Tom Dowd.[3] Andre store artistar han spelte inn med er King Curtis, Joe Tex, Elvis Presley, Aretha Franklin, Dobie Gray, Kris Kristofferson, J.J. Cale, Wilson Pickett (inkludert basslinja på «Funky Broadway»), Chuck Berry, Dolly Parton, Bob Seger og Neil Diamond.[4] Han spelte òg bass på King Curtis-singelen «Menphis Soul Stew»[5] i 1967.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • The Exciting Wilson Pickett, Wilson Pickett, 1966
  • The Sound of Wilson Pickett, Wilson Pickett, 1967
  • Wicked Pickett, Wilson Pickett, 1967
  • Aretha Arrives, Aretha Franklin, 1967
  • I Never Loved a Man The Way I Love You, Aretha Franklin, 1967
  • For Your Precious Love, Oscar Toney Jr., 1967
  • Lady Soul, Aretha Franklin, 1968
  • Aretha Now, Aretha Franklin, 1968
  • Aretha '69, Aretha Franklin, 1969
  • Dusty in Memphis, Dusty Springfield, 1969
  • Menphis Underground, Herbie Mann, 1971
  • Spills the Beans, Joe Tex,[6] 1972
  • Seven, Bob Seger, 1974
  • Okie, J.J.Cale, 1974
  • Hey Dixie, Dobie Gray,[7] 1974
  • You and Me Together, James and Bobby Purify, 1975
  • Easy As Pie, Bily «Crash» Craddock, 1976
  • So Lonesome Tonight, Charlie Rich, 1977
  • Crash, Bily «Crash» Craddock, 1977
  • Starting All Over Again, Don Gibson, 1978
  • Where to Now, Charlie Dore, 1979
  • At This Moment, Billy Bera & The Beaters, 1981
  • Hollywood i Tennessee, Crystal Gayle ,1981

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://historic-memphis.com/.../american-studios/american-studios.ht...
  2. Jones, Roben, Memphis Boys, The University Press of Mississippi, Jackson, 2010
  3. «Dusty Springfield's 'Son of a Preacher Man', Chris Jisi». Bassplayer.com. Henta 7. januar 2017. 
  4. «Tommy Cogbill». AllMusic. Henta 7. januar 2017. 
  5. http://www.discogs.com/King-Curtis-Memphis-Soul-Stew/.../2...
  6. http://www.discogs.com/Joe-Tex-Joe-Tex-Spills-The-Beans/...
  7. http://www.discogs.com/artist/107561-Dobie-Gray

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]