Bob Seger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bob Seger
Bob Seger 2013.jpg
Seger i Fargo i Nord-Dakota i 2013
Verkeleg namn Robert Clark Seger
Fødd 6. mai 1945 (72 år)
Lincoln Park i Michigan i USA
Instrument vokal, gitar, piano
Sjanger Rock, heartland rock, roots rock, rock and roll, poprock, countryrock, hardrock, blue-eyed soul
Aktive år 1961 til i dag
Yrke musikar
Tilknytte artistar Glenn Frey, Eagles, Frankie Miller, Shaun Murphy, Muscle Shoals Rhythm Section, Little Feat, Kid Rock, Grand Funk Railroad, 3 Doors Down, Rod Stewart
Plateselskap Hideout, Cameo, Capitol, Palladium
Nettstad [http://BobSeger.com BobSeger.com]

Robert Clark «Bob» Seger (fødd 6. mai 1945) er ein USA-amerikansk songar-låtskrivar, gitarist og pianist.

Han hadde lokal suksess i Detroit-området og spelte som Bob Seger and the Last Heard og Bob Seger System i 1960-åra. Tidleg i 1970-åra hadde han droppa «System» frå namnet og fortsette å streve mot breiare suksess med forskjellige andre band. I 1973 sette han saman Silver Bullet Band, ei gruppe med musikarar frå Detroit-området. og med dette bandet oppnådde han nasjonal suksess med albumet Live Bullet, som var eit konsertopptak med Silver Bullet Band i 1975 i Cobo Hall i Detroit. I 1976 fekk han det nasjonale gjennombrotet sitt med studioalbumet Night Moves. På studioalbuma sine arbeidde han mykje med det Alabama-baserte Muscle Shoals Rhythm Section, som var med på fleire av dei bestseljande singlane og albuma.

Seger spelar roots rock med ei klassisk, ru og ropande stemme og har skrive og spelt inn songar som handlar om kjærleik, kvinner, arbeidarar og er eit døme på heartland rock. Seger har skrive fleire hittar, som «Night Moves», «Turn the Page», «Still the Same», «We've Got Tonight», «Against the Wind», «You'll Accomp'ny Me», «Shame on the Moon», «Like a Rock» og «Shakedown», som vart skriven for Beverly Hills Cop II. Seger har òg skrive ein song i lag med Eagles, hitten «Heartache Tonight», og den ikoniske innspelinga av «Old Time Rock and Roll» vart kåra til ein av Songs of the Century i 2001.

Med ein karriere som har vart over fem tiår er Seger framleis aktiv. Seger vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 2004 og Songwriters Hall of Fame i 2012.[1][2][3][4]

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Seger byrja å spele musikk i 1961 som leiaren for den Detroit-baserte trioen the Decibels. Den framtidige manageren hans, Eddie «Punch» Andrews var òg medlem av bandet. Han flytta til Ann Arbor, der han spelte med the Town Criers før han vart klaverspelar og vokalist for Doug Brown & the Omens. Dei kalla seg sjølv the Beach Bums og gav ut «The Ballad of the Yellow Beret», ein parodi på Sgt. Barry Sadler-songen «The Ballad of the Green Beret». Singelen vart trekt attende kort tid etter han kom ut, då Sadler truga med søksmål. I 1966 gav Seger ut den første solosingelen sin, «East Side Story», som vart ein regional hit. Fleire andre lokale hittar følgde på Cameo Records, som «Persecution Smith» og «Heavy Music», før selskapet hans vart nedlagd. I 1968 danna han Bob Seger System og fekk kontrakt med Capitol Records, der han gav ut debutalbumet sitt, Ramblin' Gamblin' Man, våren det året. Tittelsporet vart ein nasjonal hit og klatra til 17. plassen på singellista, men oppfølgjaren til bandet, Noah, selde dårleg og Seger valte å slutte med musikk i slutten av 1969 for å gå på college.

Mot slutten av sommaren hadde Seger vendt attende til musikken med eit nytt band, og gav ut Mongrel mot slutten av året. Han løyste opp bandet og gav i 1971 ut Brand New Morning som visesongar. Etter dette albumet byrja han å spele med duoen Dave Teegarden og Skip «Van Winkle» Knape, og duoen akkompagnerte han på Smokin' O.P.'s i 1972, som var det første albumet gjeve ut på Palladium Records, eit selskap han danna med Andrews. Albumet selde dårleg, og det same gjorde Back in '72 (1973) og Seven (1974), og han gjekk attende til Capitol Records med Beautiful Loser i 1975. For innspelinga av Beautiful Loser, danna Seger Silver Bullet Band, som bestod av gitaristen Drew Abbott, bassisten Chris Campbell, klaverspelaren Robyn Robbins, saksofonisten Alto Reed og trommeslagaren Charlie Allen Martin. Seger marknadsførte Beautiful Loser med ein omfattande turné med Silver Bullet Band, og sjølv om albumet ikkje vart ein hit, gav det han ein brei tilhengjarskare over heile landet. Turneringa gav resultat i 1976, då Live Bullet, eit dobbeltalbum spelt inn i Detroit, vart ein hitt, og låg over tre år på den amerikanske albumlista, og selde til gullplate. Sidan selde albumet til 4x platina.

Populariteten til Live Bullet sende det neste studioalbumet til Seger, Night Moves (1976) inn på topp 10 tidleg i 1977. Night Moves vart ein stor hit med hitsinglar som «Night Moves», «Mainstreet» og «Rock & Roll Never Forgets». Stranger in Town, som kom sommaren 1978, vart ein like stor suksess med hittar som «Still the Same», «Hollywood Nights», «We've Got Tonite» og «Old Time Rock & Roll». Stranger in Town stadfesta Seger som ein av dei mest populære rockeartistane i Amerika. Det neste albumet til Seger, Against the Wind i 1980, vart det første albumet hans som gjekk til topps på albumlista og alle dei store hittane, «Fire Lake», «Against the Wind», «You'll Accomp'ny Me», var balladar. Konsertalbumet Nine Tonight forsette den store salssuksessen i 1981 og selde tre millionar eksemplar og nådde tredjeplassen på den amerikanske albumlista.

Seger følgde opp med The Distance i 1982. The Distance var det første albumet sidan Seven som vart spelt inn med ekstra studiomusikarar, noko som førte til at gitaristen Abbott slutta i bandet i frustrasjon. Det neste tiåret var det stadige utskiftingar i besetninga til Silver Bullet Band. The Distance inneheldt «Shame on the Moon», den største hitsingelen hans til då, men albumsalet stoppa på ein million eksemplar, og indikerte at populariteten hans var dalande. Seger gav heller ikkje ut album eller turnerte like ofte som tidlegare og i resten av 1980-åra gav han berre ut eitt album til, Like a Rock i 1986. Like a Rock og den påfølgjande turneen var begge suksessar, og bana veg for «Shakedown», ein song frå filmmusikken til Beverly Hills Cop II, som gjekk til topps på singellista i 1987. Fire år etter denne utgjevinga kom han attende med The Fire Inside. Sjølv om albumet selde til platina og nådde topp 10, var det stort sett berre dei faste tilhengjarane til Seger som kjøpte albumet, og det same skjedde med It's a Mystery i 1995, som vart det første albumet hans sidan Live Bullett, som ikkje selde til platina. Det fekk likevel gullplate.

Seger hadde så ein lang pause og brukte tid med familien. Desse rolege åra vart berre avbroten av at han vart innlemma i Rock & Roll Hall of Fame i 2004. Til slutt, i 2006, etter ein 11 år lang pause, gav Seger ut Face the Promise, det første albumet hans sidan Beautiful Loser i 1975 som ikkje vart spelt inn med Silver Bullet Band. Det hadde ingen store hitsinglar, men «Wait for Me» nådde topp 20 på Billboard Adult Contemporary-lista. Face the Promise gjorde det likevel bra og debuterte på fjerdeplassen på Billboard-lista og selde til platina. Eit par arkivprosjekt følgde så og i 2009 kom samleplata Early Seger, Vol. 1 der songar som ikkje tidlegare var gjevne ut, kom saman med nyinnspelingar av gamle songar. I 2011 kom dobbeltplata Ultimate Hits: Rock & Roll Never Forgets, som selde til platina og gav han ein liten hit med ein coverversjon av Tom Waits sin «Downtown Train». Eit nytt album, Ride Out kom ut oktober 2014 og debuterte på tredjeplassen på Billboard-lista.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum
Konsertalbum
Samlealbum

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]