Tonique Williams-Darling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tonique Williams-Darling
Fødd 17. januar 1976
Nassau på Bahamas
Yrke sprinter

Tonique Williams-Darling (fødd 17. januar 1976) er ein tidlegare friidrettsutøvar frå Bahamas. Ho vart olympisk meister på 400 meter i 2004 og verdsmeister på same distansen i 2005.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Tonique Williams deltok i fleire store meisterskap før ho makta nå ein finale. Etter å ha fått eit gjennombrot i 2003, imponerte ho stort i OL-sesongen 2004. Ho vann den olympiske gullmedaljen på spesialdistansen 400 m framom den regjerande verdsmeisteren, meksikanske Ana Guevara. Endå meir imponerande, og innbringande, vart det at ho vann samtlege seks 400-meterar i Gyllenserien (Golden League) og kunne dele fyrstepremien på ein million US-dollar med den svenske tresteghopparen Christian Olsson. Ho sikra premien den 12. september 2004 i Berlin, i det siste stemnet i Gyllenserien 2004, ved å springe sin snøggaste 400 m på 49,07 sekundar.

Williams-Darling vann gullmedaljen på 400 meter også under friidretts-VM 2005 i Helsinki. Året etter vart ho nummer to på yndlingdistansen i samveldeleikane.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]