Topas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Topas
TopazUSGOV.jpg
Topaskrystall på matriks
Generelt
Kategori Silikatmineral
Kjemisk formel Al2SiO4(F,OH)2
Strunz-klassifisering 9.AF.35
Krystallsymmetri Ortorombisk dipyramidal
H-M-symbol: (2/m 2/m 2/m)
Romgruppe: Pbnm
Einingscelle a = 4.65 Å, b = 8.8 Å,
c = 8.4 Å; Z = 4
Identifikasjon
Farge fargelaus (om ingen ureinleikar), blå, brun, oransje, grå, gul, grøn, rosa og raudaktig rosa
Krystallform Prismatiske krystallar med stripete sider parallell langs lengda; òg skiveforma, kompakt, massiv
Krystallsystem Ortorombisk
Kløyv [001] perfekt
Brot Undermuslig til ujamn
Mohs hardleiksskala 8 (definerande mineral)
Glans glasaktig
Strekfarge Kvit
Transparens Gjennomsiktig
Spesifikk vekt 3.49–3.57
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskapar Toaksa (+)
Brytingsindeks nα = 1.606–1.629
nβ = 1.609–1.631
nγ = 1.616–1.638
Dobbeltbryting δ = 0.010
Pleokroisme Svak i tjukke delar X = gul; Y = gul, fiolett, raudaktig; Z = fiolett, blåaktig, gul, rosa
Andre eigenskapar Fluorescerande, kort UV=gylden gul, lang UV=kremaktig
Kjelder [1][2][3][4]

Topas er eit mineral som er eit fluorhaldig aluminiumsilikat Al2SiO4F2. Dei vanlege topasane er gule, men det finst òg fargelause, lyseblå, grønlege og lyseraude. Einskilde gule topasar frå Brasil blir djupraude ved oppvarming.

Klåre varietetar av topas vert nytta som edelsteinar og dei beste kjem frå Sri Lanka, Brasil og Russland (Ural). I Noreg finst til dels store krystall på einskilde pegmatittgangar.

Pyrofysalitt er ein gulkvit, ugjennomsiktig topas som mellom anna finst på Modum og i Sverige. Pyknitt er ein stengleg form som særleg er kjent frå tinnsteinsgangane i Böhmen.

Nemninga topas blir òg feilaktig brukt om visse andre edel- og smykkesteinar. Orientalsk topas er ein gul varietet av korund, spansk topas er ein gul kvarts og ofte ein varmehandsama ametyst. Såkalla røyktopas er det same som røykkvarts.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]