Korund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Korund
Several corundum crystals.jpg
Ulike kurundkrystallar
Generelt
KategoriMineraloksid – Hematittgruppa
Kjemisk formelAluminiumoksid, Al2O3
Strunz-klassifiseringIV/C.04-10
Dana-klassifisering4.3.1.1
KrystallsymmetriTrigonal (32/m)
Identifikasjon
FargeFargelaus, grå, brun; pink to pigeon-blood-red, orange, yellow, green, blue to cornflower blue, violet; may be color zoned, asteriated mainly grey and brown
KrystallsystemTrigonal (Hexagonal Scalenohedral)
Symbol (32/m)
Romgruppe: R3c
TvillingPolysyntetisk tvilling vanleg
KløyvIngen – parting in 3 directions
BrotConchoidal til ujamn
Mohs hardleiksskala9 (defining mineral)
GlansAdamantine til glassaktig
StrekfargeKvit
TransparensTransparent, translucent til opak
Spesifikk vekt3.95–4.10
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskaparUniaxial (–)
Brytingsindeksnω = 1.767–1.772
nε = 1.759–1.763
PleokroismeIngen
Smeltepunkt2044 °C
SmeltbarheitUsmeltbar
OppløyselegheitUløyseleg
Endrar seg tilglimmer på overflater som medfører redusert hardleik
Andre eigenskaparKan fluorescere eller fosforiscere i UV-lys
Kjelder[1][2][3][4]
Viktige variantar
SafirAlle fargar unnatatt raud
RubinRaud
SmergelSvart granulær korund godt blanda med magnetitt, hematitt eller hercynitt
Korund

Korund (engelsk corundum) er ei krystallisk form av aluminiumoksid (Al2O3) med spor av jern, titan og krom.[1] Det er eit bergart-dannande mineral. Korund er eit av dei minerala som naturleg gjennomsiktige transparente material, men det kan ha ulike fargar når ureiningar er til stades i krystallen. Transparente eksemplar er nytta som smykkestein blir kalla rubin dersom den er raud, medan alle andre fargar blir kalla safir. Både rubin og safir blir rekna som edelsteinar.

Ordet «korund» kjem frå det tamilske ordet kuruntam (குருந்தம்) som tyder 'rubin. Dette igjen kjem frå sanskrit kuruvinda.[3]

Rein korund er definert til å 9.0 på Mohs hardleikskala. Av di korund er så hardt kan det lage riper i nesten alle andre mineral. Det er vanleg nytta som abrasiv på mange ting frå sandpapir til store maskinar til å maskinere metall, plast og tre. Nokre smergel er ei blanding av korund and andre stoff. Denne blandinga er mindre abrasiv med ein gjennomsnittleg hardleik på om lag 8,0.

I tillegg til at korund er eit hardt mineral, er korund òg uvanleg på grunn av sin høge tettleik på 4.02 g/cm3, noko som er særs høgt for eit transparent material med atom av aluminium og oksygen som er lette grunnstoff med låg atommasse.[5]

Ein fiolblå korund vert kalla orientalsk ametyst.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Handbook of Mineralogy
  2. Corundum at Mindat.org
  3. 3,0 3,1 Corundum at Webmineral
  4. Hurlbut, Cornelius S.; Klein, Cornelis, 1985, Manual of Mineralogy, 20th ed., Wiley, pp. 300-302 ISBN 0-471-80580-7
  5. Mineral Galleries

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]