Tor André Ljosland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tor André Ljosland
Fødd10. desember 1982 (40 år)
Statsborgar avNoreg
PartiKristeleg Folkeparti
Yrkepolitikar
EktefelleRebekka Ljosland

Tor André Ljosland (fødd 10. desember 1982) er ein norsk politikar frå Kristeleg Folkeparti. Han er tidlegare nestleiar i KrFU[1].

Ljosland har sete i kommunestyret i Notodden kommune frå 2003 til 2011 og var gruppeleiar for Notodden KrF frå 2007 til 2011. Ved kommunevalet i 2007 var han landets yngste ordførarkandidat.[1] I KrFU har Ljosland vore organisatorisk og etter det politisk nestleiar (2004–2006), og internasjonal nestleiar (2008–2009).[1] Han var fylkesleiar for Telemark KrFU i perioden 2001-2003. Frå 2011-13 var Ljosland politisk rådgjevar for byråd Lisbeth Iversen i Bergen kommune

Ljosland er gift med Rebekka Ljosland, byråd for helse og omsorg i Bergen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Hedret av KrFU», Telemarksavisa, 21. oktober 2009, s. 8.