Rebekka Ljosland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Rebekka Ljosland
Rebekka Ljosland.jpg
Fødd 22. november 1990

Bergen

Parti Kristeleg Folkeparti

Rebekka Ljosland (fødd 22. november 1990 i Bergen) er ein norsk politikar for KrF. 22. oktober 2015 blei ho byråd for helse og omsorg i Bergen kommune.[1][2] Ho var då den yngste byråden i Noreg nokon sinne. Ljosland sat i bystyret i Bergen i perioden 2011-2015. På nominasjonsmøtet til Bergen KrF blei ho valt som 3. kandidat ved valet i 2015 og valt inn som bystyrerepresentant. Rebekka Ljosland er gift med fylkespolitikar Tor André Ljosland (KrF). Ho er tidlegare leiar av Bergen KrFU og nestleiar i Hordaland KrFU. Frå før er ho utdanna sjukepleiar frå Haraldsplass Diakonale Høgskole (2009-2012), og har tatt til på ein klinisk mastergrad i kardiologisk sjukepleie ved Høgskolen i Bergen (2015-). Ljosland er tilsett som sjukepleiar ved Haraldsplass Diakonale Sykehus, men har permisjon frå stillinga.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bergen kommune. «Rebekka Ljosland på Bergen kommunes nettsider» (bokmål). Henta 22. desember 2015. 
  2. Sin Vik Helgheim og Sølve Rydland, NRK Hordaland (20. oktober 2015). «Hun er den yngste byråden noensinne» (norsk). Henta 22. desember 2015. 
  3. «Rebekka Ljosland sin CV» (PDF). Henta 22. desember 2015.