Toralv Maurstad
Hopp til navigering
Hopp til søk
Toralv Maurstad | |
![]() | |
Fødd | 24. november 1926 (94 år) Bærum |
Yrke | skodespelar, stemmeskodespelar, teaterskodespelar, fjernsynsskodespelar |
Toralv Maurstad på Commons |
Toralv Maurstad (fødd 24. november 1926) er ein norsk skodespelar, regissør og teatersjef frå Bærum. Toralv Maurstad er sonen til Alfred Maurstad. Han tok utdanning som skodespelar ved Royal Academy of Dramatic Art i London, og debuterte ved Trøndelag Teater i 1949. Han fekk gjennombrotet sitt som Holt i Det lykkelige valg. Han var tilsett ved Det Nye Teater i perioden 1951–1954, og var ved Nationaltheatret i perioden 1954–1967. Maurstad var teatersjef for Oslo Nye Teater i perioden 1967–1978, og for Nationaltheatret i åra 1978–1986. Etter 1986 har han vore frilansar. Han er òg godt kjend for rolla si som Georg Anker-Hansen i TV2-serien Hotel Cæsar.
Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]
- I 1962 vann Maurstad Aamot-statuetten.
- I 1974 vart Toralv Maurstad slått til Ridder 1. klasse av St. Olavs Orden
- I 1991 tok Maurstad imot Hedda-prisen for sin årelange innsats for norsk teater.
- I 1999 vann han Amandaprisen sin heiderspris.
- I 2006 vart han tildelt Anders Jahres kulturpris.