Hopp til innhald

Anders Jahres kulturpris

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anders Jahres kulturpris
StadNoreg
Namnsett etterAnders Jahre
Tildelt avAnders Jahres Humanitære Stiftelse Sjå dette på Wikidata
Skipa1990
Nettstadhttps://ajhs.no/anders-jahres-kulturpris/

Anders Jahres Kulturpris er ein årleg utdelt pris som skal vera ei heiderspåskjøning for framifrå arbeid i fyrste hand for norsk kulturliv. Prisen har vorte delt ut sidan 1990. Kvart år vert det plukka ut ein eller to vinnarar som kvar får eit pengebeløp, eit diplom og ein statuett laga av Nils Aas.

Frå 1996 til 2015 delte ein òg ut Anders Jahres pris for yngre kunstnarar. Vinnaren av Anders Jahres kulturpris vert beden om å peike ut ein yngre, talentfull kunstnar til å ta imot Anders Jahres pris for yngre kunstnarar, som regel innanfor sitt eige verkeområde. I 2018 vart det delt ut heiderspris til visesongar og songpoet Alf Cranner.[1]

Vinnarane får eit pengebeløp, eit diplom og ein statuett laga av Nils Aas. Frå 2017 er beløpet 1,5 millionar kroner som vert fordelt mellom vinnarane.[2] Før det var beløpet i fleire år på 1,2 millionar kroner, som normalt vart fordelt med 500 000 kroner til kvar av dei to vinnarane av hovudprisen og 100 000 kroner til kvar av dei to vinnarane av juniorprisen.

Anders Jahre, norsk skipsreiar og filantrop

Prisvinnarar

[endre | endre wikiteksten]
År Hovudprisvinnar Juniorprisvinnar
1990 Asbjørn Aarnes, for litteraturforsking og formidling
Nils Aas, bilethoggar
1991 Mariss Jansons, dirigent
1992 Benny Motzfeldt, glaskunstnar og biletkunstnar
Halldis Moren Vesaas, lyrikar og gjendiktar
1993 Robert Levin, pianist
Stein Mehren, lyrikar og samtidskritikar
1994 Jakob Weidemann, biletkunstnar
1995 Jan Garbarek, saksofonist
Ingrid Bjoner, songar
1996 Liv Ullmann, scene- og filmkunstnar Gjertrud L. Jynge, skodespelar
1997 Gordon Hølmebakk, litteraturformidlar Cathrine Grøndahl, forfattar
Arne Nordheim, komponist Gisle Kverndokk, komponist
1998 Bentein Baardson, scenekunstnar Herborg Kråkevik, artist
Bergljot Hobæk Haff, forfattar Nikolaj Frobenius, forfattar
1999 Leif Ove Andsnes, pianist
Truls Mørk, cellist
Solveig Kringlebotn, sopran
2000 Liv Dommersnes, skodespelar Andrea Bræin Hovig, skodespelar
Frans Widerberg, biletkunstnar Per Enoksson, biletkunstnar
2001 Knut Skram, songar Kari Postma, songer
Knut Ødegård, forfattar Steinar Opstad, lyrikar
2002 Tone Vigeland, smykkekunstnar Synnøve Øyen, tekstilkunstnar
Jan Groth, biletkunstnar Tomas Ramberg, målar
2003 Sverre Fehn, arkitekt
Kjetil Thorsen, arkitekt
2004 Ingvar Ambjørnsen, forfattar Bjarte Breiteig, forfattar
Geir Kjetsaa, formidlar av russisk litteratur Alexander Rybak, fiolinist
2005 Jens Johannessen, målar Sverre Koren Bjertnæs, målar
Håkon Bleken, målar Christoffer Fjeldstad, målar
2006[3] Jon Fosse, dramatikar
Svein Sturla Hungnes, skodespelar og regissør
Toralv Maurstad, skodespelar m.m.
2007[4] Arve Tellefsen, fiolinist
Karin Krog, jazzsongar Trondheimsolistene, kammerorkester
2008 Peter Opsvik, designar Daniel Rybakken, designar
Ulla-Mari Brantenberg, glasskunstner Tuva Gonsholt, glaskunstnar
2009 Mari Boine, musikar
Espen Giljane, dansar
2010 Soon-Mi Chung, bratsjist og Stephan Barratt-Due, fiolinist Barratt Dues Juniororkester
Tom Sandberg, fotograf Unn Fahlstrøm, fotograf
2011 Bård Breivik, bilethoggar Kristine Roald Sandøy, bilethoggar
Kristian Blystad, bilethoggar Signe Løvland Solberg, bilethoggar
2012 Jan Erik Vold, forfattar Kaja Schjerven Mollerin, forfattar
Kari og Kjell Risvik, omsetjarar Cristina Gómez Baggethun, omsetjar
Heiderspris: Lars Roar Langslet, forfattar og kulturpolitikar
2013 Lise Fjeldstad, skodespelar Birgitte Larsen, skodespelar
Stefan Herheim, operaregissør Sigrid Strøm Reibo, regissør
2014 Kari Nissen Brodtkorb, arkitekt Vilhelm Christensen og Johanne Borthne, arkitektar
Kristin Jarmund, arkitekt Grete Sofie Borud Nybakken, ballettdansar
2015 Torill Kove, animasjonsfilmskapar Izer Aliu, filmregissør
Leonard Rickhard, målar Johanne Hestvold, biletkunstnar
2016 DS «Hestmanden»
Jon Michelet, skjønnlitterær forfattar
Guri Hjeltnes, faglitterær forfattar
Helge Jordal, skodespelar
2017[2] Hallvard T. Bjørgum, folkemusikar
Knut Buen, hardingfelespelar
Kirsten Bråten Berg, folkesongar
Annbjørg Lien, hardingfelespelar
Hallgrim Hansegård, koreograf og folkedansar
2018[1] Anne Grete Preus, musikar
Kari Bremnes, musikar
Ole Paus, musikar
Heiderspris: Alf Cranner, musikar
2019[5] Tor Åge Bringsværd, forfattar
Herbjørg Wassmo, forfattar
Lars Saabye Christensen, forfattar
2020[6] Lise Davidsen, operasongar
Grete Pedersen, dirigent
Det Norske Solistkor
2021[6] Elena Engelsen, bilethoggar
Håkon Gullvåg, biletkunstnar
2022[7] Nils Gaup, filmskapar
Margreth Olin, filmskapar
Joachim Trier, filmskapar
Deeyah Khan, filmskapar
Heiderspris: Nina Sundbye, bilethoggar
2023[8] Indra Lorentzen, ballettdansar
Sverre Anker Ousdal, skodespelar
Jo Strømgren, dansar
Heiderspris: Ole Hamre og Sissel Saue, grunnleggjarar av Stiftinga Fargespill
2024[9] Hege Schøyen, skodespelar
Per Arne Glorvigen, musikar og komponist
Ingrid Bjørnov, musikar og humorist
2025[10][11] Sissel Kyrkjebø, musikar
Vilde Frang, musikar
Knut Reiersrud, musikar og komponist
Heiderspris: Åse Kleveland, musikar og kulturformidlar
2026[12] Sølvguttene, gutekor
Heiderspris: Frikk Heide-Steen og Fredrik Otterstad, dirigentar for koret
  1. 1 2 «Anders Jahres hederspris til Alf Cranner». dagbladet.no. 4. september 2018. Henta 26. juni 2019.
  2. 1 2 «Kulturprisvinner: – Det forundrer meg at mange ikke kjenner til ordet Hardingfele». nrk.no. 5. juli 2017. Henta 7. juli 2017.
  3. «Anders Jahres Humanitære Stiftelse». www.ajhs.no. Arkivert frå originalen 9. desember 2023. Henta 9. desember 2023.
  4. «Anders Jahres Humanitære Stiftelse». www.ajhs.no. Arkivert frå originalen 9. desember 2023. Henta 9. desember 2023.
  5. «Folkekjære forfattere får Anders Jahres Kulturpris». nrk.no. 25. juni 2019. Henta 26. juni 2019.
  6. 1 2 «Skaparen av denne har vunne pris for sin innsats som bilethoggar». nrk.no. 2. juni 2021. Henta 12. juni 2021.
  7. «Norges største kulturpris til Trier, Khan, Gaup og Olin». rushprint.no. 6. juli 2022. Henta 6. juli 2022.
  8. «Årets vinnarar av Anders Jarhe sin kulturpris». nrk.no. 26. juni 2023. Henta 26. juni 2023.
  9. «Schøyen, Glorvigen og Bjørnov vinner stor kulturpris». dagsavisen.no. 1. juli 2024. Henta 2. juli 2024.
  10. «Anders Jahres kulturpris til tre artister». nrk.no. 18. juni 2025. Henta 29. juni 2025.
  11. NRK (15. august 2025). «Åse Kleveland får Anders Jahres Hederspris». NRK (på norsk bokmål). Henta 21. august 2025.
  12. «Sølvguttene tildeles Norges største kulturpris». Anders Jahres Humanitære Stiftelse. Henta 9. juni 2026.