Torberg Arnesson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
«Torberg Arnesson helsar brørne sine velkomne.» Illustrasjon til Soga om Olav den heilage i Heimskringla, teikna av Gerhard Munthe.

Torberg Arnesson (d. ca. 1050) var ein norsk stormann, av Arnmødlingætta.

Torberg budde på ættegarden Giske. Han var gift med ei dotter av Erling Skjalgsson. Likevel var han alliert med Olav den heilage i hans kamp om kongsmakta i Noreg. Mellom anna fylgde han Olav då denne rømde til utlandet i 1028, og kjempa på hans side i slaget på Stiklestad.

År 1047 gifta dottera hans, Tora, seg med kong Harald Hardråde. Såleis vart ho mor, og Torberg stamfar, til fleire generasjonar norske kongar. Sonen til Torberg, Øystein Orre, kjempa og fall i slaget ved Stamford bru.

Torberg var son av Arne Arnmodsson, og bror til Arne, Finn og Kalv Arnessøner.