Hopp til innhald

Øystein Orre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Øystein Orre (d. 25. september 1066 ) var ein norsk stormann av Arnmødlingætta. Han var med Harald Hardråde til England, og fall i slaget ved Stamford bru.

Øystein var son av Torberg Arnesson til Giske og Ragnhild, dotter av Erling Skjalgsson på Sola. Han hadde minst to sysken: Broren Ogmund og systera Tora, som var gift med kong Harald Hårdråde og mor til dei to sønene hans Magnus og Olav. Under herskartida til kong Olav II Haraldsson (1015-1028) hadde folk i slekta til Øystein stått og kjempa på motsette sider: Torberg og brørne hans hadde kjempa på kong Olav si side, medan far til Ragnhild Erling Skjalgsson hadde kjempa mot dem med Svein Håkonsson i slaget ved Nesjar i 1016; han ble til slutt drepen i 1028.

Øystein var trulova med kong Harald si dotter med Ellisiv av Kiev, Maria.

Slag i England

[endre | endre wikiteksten]
Slaget ved Fulford som skildra av Matthew Paris.
Slaget ved Stamford bru.

Øystein var med på kongen sitt felttog i England i 1066. Her hadde han kommando over reservestyrkane som passa på skipa, medan kongen rykte fram mot byen Jorvik (York) med sin hærstyrke. Hæren hans støtte saman med den til dei lokale jarlane Morcar og Edwin; dei kjempa mot Harald sin invasjonshær tre kilometer sør for York i slaget ved Fulford den 20. september. Invasjonsstyrken vann ein klar siger, og byen York og forsvararane hans overgav seg den 24. september.[1]

Kongen blei noko seinare overrumpla av Harald Godwinsson ved Stamford bru. Då han fekk høyre om slaget ved Stamford bru prøvde Øystein å kome kongen til hjelp. Då han nådde fram var kongen allereie fallen, men Øystein med sine menn kasta seg likevel inn i striden. Øystein og størstedelen av den norske hæren fall etter ein kamp som vart kalla «Orreria».

  1. DeVries (1999) s. 250–261