Tore Opdal Hansen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tore Opdal Hansen
Fødd 4. august 1956

Lier

Parti Høgre

Tore Opdal Hansen (fødd 4. august 1956) er ein norsk politikar (H). Han har vore ordførar i Drammen kommune frå 2003.

Hansen har vore ein populær ordførar og har hatt støtte frå dei andre ikkje-sosialistiske partia i kommunen. Han vart særleg kjent for neiet sitt til speleautomatar i kommunen og leiar av «ordføraropprøret» mot speleautomatar. Han har vore medlem av Drammen bystyre frå 1980 og av formannskapet frå 1984.

Tore Opdal Hansen har vore fylkespolitikar i Buskerud. Han var medlem av fylkestinget og hovudutval for regional utvikling i Buskerud. Før han vart ordførar tok Hansen fagkurs i marknadsføring ved Gjerde. Han har selt bilar og hadde eit friår som trailersjåfør i 1979. Hansen var i militæret i 1978, der han òg var hovudtillitsmann. Frå byrjinga av 1980-åra var han tilsett i Høgres organisasjon, først i Buskerud Høgre, så i hovudorganisasjonen til Høgre, og seinast som informasjonssjef i Oslo Høgre 1993–2003.

I tillegg til å vere ordførar i Drammen er Hansen blant anna medlem av Høgre sitt kommunalutval, medlem av Høgres utval for mangfald og inkludering, leiar av Havnerådet i Drammen og styremedlem i Osloregionens Europa-kontor.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]