Toril Akerhaugen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Toril Akerhaugen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 5. mars 1982 (42 år)
Oslo
Yrke fotballspelar
Høgd 1,76±0,001 meter
Toril Akerhaugen på Commons

Toril Hetland Akerhaugen (fødd 5. mars 1982) er ein norsk tidlegare fotballspelar som vann EM-sølv med Noreg i 2013.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Akerhaugen spelte på Lørenskog IF i 2000. Frå 2001 til 2015 var ho aktiv i toppklubben Asker SK og etterfylgjaren Stabæk IF. Forsvarsspelaren deltok i 229 obligatoriske kampar med Asker og Stabæk og skåra eitt einaste mål. Gjennom dei femten sesongane i Asker og Stæbæk var ho med å vinne to cupgull og like mange seriemeisterskap.

Frå debuten i 2006 til 2013 spelte Akerhaugen 59 landskampar for Noreg. Ho var med i EM-troppa i 2009 og spelte venstreback i EM-finalen mot Tyskland i 2013.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • EM-sølv: 2013
  • Noregsmeister: 2005 og 2012 med Asker SK/Stabæk IF
  • Norsk seriemeister: 2010 og 2013 med Stabæk IF

Kjelder[endre | endre wikiteksten]