Torjus Aamlid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Torjus Aamlid (14. oktober 187522. januar 1950) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Herefoss i Aust-Agder. Han representerte einmannskrinsen Sand på Stortinget 1919-21, vald for Venstre.

Aamlid var elev ved vinterkurs på amtsskulen 1890/91 og 1893/94. Deretter lærte han hagebruk 1894/95 ved hagebruksskulen i Grimstad. I 1899 kjøpte han garden Birkeland i Birkenes og dreiv den til eldstesonen tok over i 1943.

I politikken var Aamlid medlem av Birkenes heradsstyre 1911-19, 1926-28 og 1932-37, ordførar 1914-19 og 1935-37. Stortingsperioden 1919-21 representerte han einmannskrinsen Sand på Stortinget, medlem i Militærkomiteen til 12. juni 1920, sidan medlem i Næringskomite nr 2. Ved stortingsvalet hausten 1936 fekk han 1. varamannsplassen til Stortinget frå valkrinsen Aust-Agder. Han møtte på Tinget dei siste åtte dagane av mars 1938 i staden for Christian Stray.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]