Torolf Fossland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Torolf Fossland
Fødd 8. januar 1907
Død

24. februar 1995

Torolf Fossland (8. januar 190724. februar 1995) var ein norsk tollar og biletkunstnar som spesielt arbeidde med akvarell og grafikk.

Torolf Fossland vart fødd og voks opp på øya Tomma i Nesna, der foreldra Joakim Sørensen og Anna Kristensdotter levde av fiske og gardsdrift på hennar heimgard Forsland. Sjølv gjekk han underoffiserskole på Vardøhus, og arbeidde lenge som tollassistent i Svanvik. I 1937 vart han gift med Lulla EInrid Melvik. Dei flytta til Lierne i 1945 og til Karmøy i 1958. Som pensjonist flytta han i lag med kona til Rakkestad.

Målarkunsten var ein fritidssyssel som han utvikla gjennom arbeidet med kunsten, sidan gjennom kurs delfinansiert av stipend frå UNESCO. Han debuterte som utstillar i HTAL Galleries i New York i 1967. Sidan hadde han to separtutstillingar i New York, i 1970 og 1974. Den første separatutstillinga si hadde han i Haugesund kunstforening i 1968. Han hadde sidan fleire separatutstillingar både i Noreg, Danmark og Frankrike; den siste i Paris 1983.

Bileta hans utvikla seg ut over 1960-åra frå eit naturalistisk uttrykk i retning av det abstrakte. Kunsten hans heng i dag mellom anna ved Høgskolen i Nesna, Svanvik folkehøgskole og Petter Dass-museet.

Kjelde:[endre | endre wikiteksten]