Tove Liberg Sannes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Tove Liberg Sannes (fødd 4. november 1955 er ein tidlegare handballspelar frå Trondheim som deltok i 93 av Noregs landskampar i tida 1974-81.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Liberg var Strindheim-spelar til 1974. Ho melde seg då inn i toppserielaget Freidig, der ho var aktiv til 1985. I sin siste sesong med Freidig var ho med å verte seriemeister, året før tapte ho og lagvenninnene NM-finalen 1984 mot byrival Sverresborg IF. Frå 1985 til -88 var Liberg Sannes spelande trenar i andredivisjonslaget Vålerengen. I 1988 byrja ho å spele på Harjar HK, eit oslolag i 4. divisjon. Ho la opp i 1998.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Rykkromspelar Tove Liberg fekk sin landslagdebut 7. desember 1974 mot Danmark. Hausten 1975 fekk ho ikkje plass i VM-troppen til Noreg. Fram til 5. desember 1981 spelte ho 93 landskampar for Noreg og skåra 188 mål.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]