Handball-NM 1984 for kvinner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Noregsmeisterskapen i handball 1984 for kvinner vart vunne av tittelforsvarar Sverresborg Idrettsforening gjennom finalesiger 22–16 over byrivalen Sportsklubben Freidig.

Semifinalane[endre | endre wikiteksten]

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Finalekampen, med dei same NM-finalistane som året før, vart avvikla i Nidarøhallen i Trondheim 16. desember 1984 med 2 200 tilskodarar til stades. Sverresborg leia 10–9 ved pause. I den andre omgangen drog Sverresborg ifrå, sluttresultatet vart 22-16 før Sverresborg-kapteinen kunne heve lagets tredje rake NM-pokal.

Ingrid Steen vart toppskårar for Sverresborg med sine 7 mål. «[A]lltid fightervillige» Ragnhild Fausa skåra 6 mål, Mona Lilleberg og Anne Berg Larssen, begge 3 mål, medan Britt Johansen og Hilde Schjerven noterte seg for høvesvis 2 og 1 mål. Inger Lise Guldseth stod mellom målstengene.

Freidigs mål kom ved Berit Hansen (4), Tove Liberg Sannes (3), Sissel Brenne Buchholdt (3), Kjersti Overvik (2), Sidsel Bakken, Lill Bente Mæhla, Gro Balstad, Bodil Næss, alle 1.

Dommarparet Øyvind Bolstad (Hamarkameratene) og Terje Antonsen (Larvik Turn) straffa Sverresborg med 8 tominutts-utvisingar og eitt raudt kort, og Freidig med 2 tominutts-utvisingar.