Tranøybotn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Tranøybotn er den inste delen av Tranøyfjorden i Tranøy kommune i Troms. Fjorden strekkjer seg 8,5 km nordaustover på sørsida av Senja til Kampevoll i botn av fjorden.

Fjorden startar ved Tranøya i sør. Forøya er ei anna øy i fjorden nordaust for Tranøya. Revsnes ligg mellom Tranøya og Forøya og sør for dette neset går Solbergfjorden austover. Myklenes er eit anna nes i fjorden nord for Forøya. Bortsett frå grenda Kampevoll er det berre spreidde gardsbruk og langs fjorden.

Riksveg 860 går langs heile vestsida av fjorden, medan Fv231 går langs austsida.