Crossrail

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Crossrail 1
BSicon .svg KBHFa
Maidenhead
BSicon .svg HST
Taplow
BSicon .svg HST
Burnham
BSicon .svg BHF
Slough
BSicon .svg HST
Langley
BSicon .svg HST
Iver
BSicon .svg HST
West Drayton
tKINTa STR
Heathrow Terminal 4 Underground no-text.svg
tINT STR
Heathrow Central Underground no-text.svg
tSTRe STR
STRl ABZg+r
BSicon .svg BHF
Hayes and Harlington
BSicon .svg HST
Southall
BSicon .svg HST
Hanwell
BSicon .svg HST
West Ealing
BSicon .svg INT
Ealing Broadway Underground no-text.svg
BSicon .svg HST
Acton Main Line
BSicon .svg tSTRa
BSicon .svg tINT
Paddington Underground no-text.svg
BSicon .svg tINT
Bond Street Underground no-text.svg
BSicon .svg tINT
Tottenham Court Road Underground no-text.svg
BSicon .svg tINT
Farringdon Underground no-text.svg
BSicon .svg tINT
Liverpool Street Underground no-text.svg
BSicon .svg tINT
Whitechapel Underground no-text.svg
tSTR+l tABZgr
tINT tSTR
Isle of Dogs
tSTRe tSTRe
INT STR
Custom House DLR no-text roundel.svg
TUNNEL2 STR
Connaught Tunnel
WTUNNEL STR
River Thames
HST STR
Woolwich
KBHFe STR
Abbey Wood for Thamesmead
BSicon .svg INT
Stratford Regional Underground no-text.svg Overground roundel (no text).svg DLR no-text roundel.svg
BSicon .svg HST
Maryland
BSicon .svg HST
Forest Gate
BSicon .svg HST
Manor Park
BSicon .svg BHF
Ilford
BSicon .svg HST
Seven Kings
BSicon .svg HST
Goodmayes
BSicon .svg HST
Chadwell Heath
BSicon .svg BHF
Romford
BSicon .svg HST
Gidea Park
BSicon .svg HST
Harold Wood
BSicon .svg HST
Brentwood
BSicon .svg KBHFe
Shenfield

Crossrail er eit prosjekt som går ut på å bygge eit stort nytt jarnbanesamband under det sentrale London. Namnet blir òg brukt som ein referanse til den første linja som er planlagd bygd i prosjektet, ei linje som baserer seg på ein tunnel frå aust til vest mellom Paddington og Liverpool Street. Formelt heiter linja Crossrail Line 1.

Statsminister i England, Gordon Brown gav offisielt grønt lys til Crossrail Line 1 den 5. oktober 2007,[1][2] etter at finansieringa, med både offentlege og private aktørar, kunne dekka den fyrste linja.[3] Finansieringa blei ordna i juli 2008, då parlamentet godkjende bygginga. Det innebar at Transport for London fekk eigarskapet av Cross London Rail Links Ltd, eit promoteringsselskap som tidlegare var eigd både av TfL og transportdepartementet.

Går alt etter planen kjem dei fyrste toga til å gå i 2017. Toga vil gå i om lag same tempo som London Underground-toga, og vil utfylle Thameslink-ruta. Billettypane vil truleg bli dei same som i resten av transportsystema i London, med Travelcard innanfor Stor-London og Oyster card på heile linja (bortsett frå Heathrow-greina, der eigne system vil halda fram). Crossrail har ofte blitt samanlikna med RER-systemet i Paris, grunna lengda på tunnelen under sentrum. Crossrail vil bli integrert med London Underground, og vil truleg dukka opp på undergrunnskartet.

Crossrail Line 1[endre | endre wikiteksten]

Den fyrste linja er basert på eit par nye tunnelar under det sentrale London, som vil binde Great Western Main Line nær Paddington til Great Eastern Main Line nær Stratford. Ei andre grein vil bli splitta ut frå Whitechapel, gå gjennom Docklands, og koma opp ved Custom House på ei Nord-London-linje, som ikkje er i bruk, for så å gå under Themsen. Toga vil gå frå Maidenhead og Heathrow i vest til Shenfield and Abbey Wood i aust, og vil ta over dei eksisterande endestasjonane på desse rutene.

Hovudkonstruksjonsdelane er:

  • Dei sentrale tunnelane, med nye stasjonar under bakken på Paddington, Bond Street, Tottenham Court Road, Farringdon, Liverpool Street, Whitechapel and Isle of Dogs, som alle vil tilby overgang til London Underground, National Rail og Docklands Light Railway.
  • Andre tunnelar, blant anna under Thames ved North Woolwich (inkludert ein ny stasjon ved Woolwich). Dette vil gi samband mellom Nord-London-linja og North Kent-linja.
  • Dei fleste eksisterande stasjonane på ruta vil bli utvida, og ein stor del av dei vil òg bli totalt ombygd.
  • Overhead electrification skal bli installert mellom Heathrow Airport og Maidenhead.

Den nye stasjonen ved Woolwich blei lagt inn i planen etter at The House of Commons Select Committee la fram eit krav om det i 2006. Styresmaktene var i utgangspunktet negative til forslaget, då dette ville gi store ekstrakostnader, men godtok det etter at ei finansiell ordning var på plass.

Det har òg vore kampanjar for å utvida linja til Reading og Ebbsfleet. Transportdepartementet har som ei følgje garantert at linja skal gå til Reading, sjølv om det har blitt gjort klart at det er ingen planar om å utvida linja forbi Maidenhead.[4] Ei utviding til Ebbsfleet framleis under vurdering.[4]

Tekniske detaljar[endre | endre wikiteksten]

Den delen av linja som på bli lagt i tunnel er 16 km lang; eit vanskeleg og dyrt ingeniørteknisk prosjekt, grunna to faktorar: Geologien i London, og dei mange eksisterande tunnelane som allereie finst under London. Tunnelane vil vere doble, og begge vil ha ein diameter på 6 m [1], store samanlikna med 3.8 m i diameter på allereie eksisterande linjer. I motsetnad til dei meir vanlege elektrisitetsstandarane på London Underground og North Kent-linja, vil Crossrail nytta 25 kV, 50 Hz AC Overhead Line over bakken og eit kontaktleiarsystem i tunnelane, det same systemet som på Great Eastern Main Line og Great Western Main Line (til Heathrow). Tunnelen under det sentrale London vil gå mellom allereie eksisterande tunnelar.[2].

Droppa ruter[endre | endre wikiteksten]

Fleire ruter har vore inkluderte i tidlege utkast til Crossrail, men blei seinare droppa. Desse inkluderer:

  • Ei rute frå Paddington til Kingston upon Thames via Richmond upon Thames var ein del av den "føretrekte ruta" som blei publisert i 2003. Den blei fjerna i 2004 etter lokal motstand mot bygginga, høge kostnader og tvil rundt om kor godt ruta ville løna seg. Denne ville truleg ha gått over bakken eller via ein tunnel til den eksisterande linja gjennom Gunnersbury og Kew (som i så fall ikkje lenger ville bli brukt av District-linja), og så til Richmond og Kingston på eksisterande linjer.
  • Ei rute i sør-aust forbi Abbey Wood til Dartford og Northfleet, for samband med High Speed 1. Dette forslaget blei fjerna grunna at ei slik linje ville måtte dele jarnbanespor med eksisterande trafikk, noko som ville blitt vanskeleg å gjennomføra.
  • Ei rute i nord-vest til Aylesbury, som ville teke over for Chiltern-jarnbanen. Denne brukte originalt Dudding Hill-linja, og involverte seinare ein ny tunnel. Andre greiner i denne retninga til High Wycombe og Watford Junction var òg under planlegging. Ingen av desse rutene blei tekne med under rutevurderinga i 2003.

Tidlegare framlegg[endre | endre wikiteksten]

Allereie i 1974 la eit utval leia av David Barran fram eit framlegg om to nye jarnbanelinjer under London, for å binde Paddington og Liverpool Street saman via Marble Arch og Ludgate Circus; og ei anna linje mellom London Bridge og Victoria. Kostnaden av desse to linjene, saman med gjenopninga av Snow Hill-tunnelen for å forma Thameslink, var rekna til om lag £300m. [5]

Ei rute frå aust til vest blei lagt fram på ny tidleg i 1990-åra[6], men planen blei avvist av parlamentet i 1994. Dette framlegget innebar å førebu den eksisterande vognparken, med konseptteikningar som innebar British Rail Class 341. Ei rekkje alternative ruter på vestsida var under vurdering, inkludert linjer til Amersham og Watford i nord-vest, og Reading i vest. Alle dei har no blitt droppa til fordel for hovudlinja.

Noverande status[endre | endre wikiteksten]

CrossrailLine1Map.svg

Crossrail Line 1 har no fått støtte av styresmaktene, som introduserte eit forslag om ei delt rekning: den komplette teksten kan bli funne her. Rekninga er akkompagnert av annan relevant informasjon. Parlamentet godkjende framlegget, og konstruksjonen vil derfor kunne ta til i 2010, og bli ferdig i 2017.[7]

Sjølv om Crossrail lenge har hatt støtte frå både politikarar og næringsverksemda i London, har prosjektet lenge hatt usemje om finansieringa. Det noverande framlegget gjer at rekninga på om lag 16 milliardar pund vil bli dekka dels av det offentlege og dels privat, med selskap i London som dei viktigaste bidragsytarane.

Strid om prosjektet[endre | endre wikiteksten]

Nokre politikarar frå Aust-London er kritiske til prosjektet, då dei ser på det som eit prosjekt som berre gagnar forretningane i City og Docklands, noko dei meiner vil føre til eit samanbrot for Aust-London.[8]

Nokre godstogselskap, blant anna EWS, er sterkt kritiske til dei noverande planane, då dei vil bruke opp det meste av ledige jarnbanespor i London-området, og legg ikkje til nok ekstrakapasitet på dei tilknytte linjene. Dette vil gjere det vanskelegare for godstog å transportera på linjene i London, og gjera det slik at tidene for godstransport blir lengre og med det mindre lønsamt for bedriftene. EWS kan reise sak mot prosjektet dersom det bryt loven for Storbritannia og EU. Ei slik rettssak vil kunne utsetje prosjektet med mange år.

Det er merkbar motstand i Reading då Crossrail vil ha endestasjonen på Maidenhead og ikkje på Reading. [3]. Både styresmaktene og dei som promoterer prosjektet har likevel opna for at det seinare kan bli bygd ei utviding til Reading om marknaden er god nok til det.

Fullmakt[endre | endre wikiteksten]

For at Crossrail skulle få lovleg fullmakt, måtte parlamentet godkjenna den delte rekninga. Departementet hadde av den grunn sett ned eit utval for å evaluera denne. I 2005 blei medlemmane namngjevne. Dei var Katy Clark, Kelvin Hopkins, Sian James, Alan Meale, Linda Riordan og Sir Peter Soulsby frå Labour Party; Brian Binley, Philip Hollobone og Ian Liddell-Grainger frå Conservative Party og John Pugh frå Liberal Democrats.

Nokre kommentatorar nemnde den openberre mangelen av Crossrail i kviteboka Delivering a Sustainable Railway publisert den 24. juli 2007.[9] I kviteboka stod det derimot at omfanget avgrensar seg til prosjekt som er ferdigstilte mellom 2009 og 2014, noko som gir meining i og med at Crossrail ikkje er planlagd ferdigstilt før i 2017.

I november 2008 stadfesta Englands transportminister Lord Adonis at finansieringa ikkje er i fare, trass i den globale finanskrisa.

Forvaltningsaspekt[endre | endre wikiteksten]

Cross London Rail Links Ltd er selskapet som har ansvaret for konstruksjonen av Crossrail. Det var før eigd av Transport for London og transportdepartementet, no berre av Transport for London, og har ein finanspakke på 16 milliardar pund på plass[10] for konstruksjonen. Etter planen går dei fyrste toga i 2017, dersom ikkje konstruksjonen blir forsinka av ymse årsaker[11]

Stasjonar[endre | endre wikiteksten]

Alternative ruter

Richmond-greina

Denne greina ville ha tatt over for District-linja frå Turnham Green til Richmond, og så forbi stasjonen til Kingston via ein tunnel. Grunna motstand frå lokale politikarar, høge kostnadar og tvil om kor mykje greina ville løna seg, blei ikkje linja tatt med i dei noverande planane

Hounslow-greina

Grunna avvisinga av Richmond-greina, har det blitt lagt fram eit forslag om ei rute frå Paddington til Hounslow, som nyttar ei eksisterande linje.

Woolwich

Det blei lagt på press for at ein stasjon ved Woolwich skulle bli teke med i rekninga, men styresmaktene avviste forslaget grunna svært høge kostnader. Etter avvisinga blei det derimot lagt ein ny plan for koss dei 162 millionane med pund kunne koma på plass.[12] Den 22. mars 2007 annonserte styresmaktene at Woolwich-stasjonen skulle bli teke med i rekninga.[13]

Det er planlagd at stasjonen skal bli lokalisert mellom to stasjonar på Abbey Wood-greina: Custom House og Abbey Wood.

Taplow

Vest for Paddington[endre | endre wikiteksten]

Maidenhead-greina[endre | endre wikiteksten]

West Drayton

Heathrow-greina[endre | endre wikiteksten]

Maidenhead- og Heathrow-greinene går i saman ved Airport Junction, mellom stasjonane West Drayton og Hayes and Harlington.

Heathrow stasjon
Paddington

Sentraldelen (i tunnel)[endre | endre wikiteksten]

Aust for Whitechapel[endre | endre wikiteksten]

Stratford

Romford-greina[endre | endre wikiteksten]

Goodmayes
Abbey Wood

Abbey Wood-greina[endre | endre wikiteksten]

Chelsea-Hackney line (Crossrail line 2)[endre | endre wikiteksten]

Cross London Rail Links Ltd har òg teke over London Underground sine planar om ei linje mellom Chelsea og Hackney, somme gonger referert til som "Merton-Hackney". Ruta har vore garantert av styresmaktene sidan 1991, og ein konsultasjon frå 2007 gir den følgjande ruta[15]:

Denne linja er kjent som Chelsea - Hackney line og vil ikkje blir bygd før etter Crossrail Line 1. Dei noverande planane er framleis vage, og det er uvisst om linja blir bygd etter standarane til National Rail eller London Underground. Ruta inkluderer og ei grein til Victoria Stasjon under Battersea Park i retning mot Clapham Junction (men ikkje heilt til stasjonen)[16].

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]