Tredelinga av ein vinkel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Tredelinga av ein vinkel er eit av dei klassiske greske konstruksjonsproblema, som går ut på at ein skal dele ein gjeven vinkel i tre like store delar ved hjelp av passar og linjal. Dette kan ein gjere for nokre spesielle vinklar, som til dømes 45°, men i det generelle tilfellet er dette bevist å vere umogeleg.

Algebraisk kan problemet uttrykkast slik at når talet a = cos α er kjend, skal x = cos α/3 konstruerast; det vil sei at ein skal konstruere rota av ei tredjegradslikning 4x3 – 3x –a = 0. Det finst fleire særs nøyaktige tilnærmingskonstruksjonar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]