Linjal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nærbilde av stållinjal med skalaar for både millimeter/centimeter og tommar.
Bruka av linjal.

Linjal er ein reiskap ein kan bruka til å teikna og måla rette linjer med. Han har gjerne form som ei lang, smal og rett plate som kan vera av tre, metall eller plast. Ei eller begge sidene kan vera delte opp i måleiningar som centimeter og millimeter eller tommar. Ordet «linjal» er avleidd frå mellomalderlatin lineale, ei adjektivsform av linea 'linje'.[1]

Linjalar kan brukast innan geometri og konstruksjonsteikning, og er eit viktig hjelpemiddel i fleire handverk. Reiskapen blir blant anna brukt av skuleelevar, matematikarar, ingeniørar, arkitektar, designerar, tekniske teiknarar, typografar og navigatørar. Ofte brukar ein dei saman med reiskapar som passar, gradskive og vinkelmålar.

Typar[endre | endre wikiteksten]

Det finst ei rekkje ulike linjalar for ulike bruksområde, med ulike utformingar og tilleggsfunksjonar:

  • vinkellinjal er forma som ei fast eller justerbar vinkelhake eller fast trekant med hjørne som har ulike vinkelstorleikar. Vanlege hjørnevinklar er 90, 60, 45 og 30 grader.
  • hovudlinjal er utstyrt med eit flatt eller vridbart tverrstykke i enden. Dette kan ein leggja mot kanten av teiknebrettet eller papiret slik at ein lettare kan oppnå ønska vinklar og retningar i høve til ein fast kant.
  • skalalinjal er ein linjal med trekanta profil slik at han får seks langsider og kan visa måleiningar i seks ulike skalaer eller målestokkar. Slike linjalar kan ein bruka for å raskt måle avstandar på planteikningar og kart der storleikstilhøva er gjevne i ulike målestokkar.
  • boge- eller kurvelinjal blir brukt til å teikna opp kurver og andre geometriske former.
  • parallellinjal er sett saman av fleire linjalstykke som kan justerast i høve til kvarandre når ein skal laga parallelle linjer.
  • rullelinjal er utstyrt med små hjul slik at linjalen kan flyttast presist over arket og det blir lettare å teina parallelle linjer
  • tavlelinjal er ein større, meterlang linjal med handtak og lett synlege cm- og desimeter-merke for bruk på ei veggtavle i undervisning.
  • typometer er ein linjal med typografiske og metriske måleiningar. Typometer kan omfatta smale ciceromål i metall eller plateforma variantar med ulike typografiske einingar og anna trykka på gjennomsiktig plast.
  • skjerelinjal er ofte av metall og blir særleg brukt når ein skal laga rette kutt i papir og kartong.
  • kantlinjal er utsyrt med ein tjukkare, boga kant for bretting eller falsing av papir
  • meterstokk er ein samanleggbar linjal som særleg blir brukt av snikkarar. Meterstokkar er vanlegvis laga av tre samanføyd med metallpunkter og viser både metriske måleiningar og tommar.
  • diopterlinjal eller siktelinjal blir brukt i landmåling eller på eit målebord.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Linjal