Treleopard
Treleopard |
Vitskapleg namn |
Neofelis nebulosa |
Utbreiing |
Status i verda: ![]() |
Systematikk |
Treleoparden er ei mellomform mellom store og små kattedyr som finst i regnskog i Søraust-Asia. Som namnet seier, lever han stort sett i tre. Arten er særs sky, og ein veit lite om korleis han oppførar seg i vill tilstand.
Skildring[endre | endre wikiteksten]
Treleoparden er slank, men muskuløs. Han har korte bein og lang hale, som hjelper han å halda balansen når han klatrar. Kroppslengda er 60-110 cm, og vekta er ikkje meir enn 15-20 kg.
Levevis[endre | endre wikiteksten]
Ein veit lite om korleis treleopardar lever i naturen. Dei jaktar hovudsakleg på fugl og små pattedyr om morgonen og kvelden i tre. Som jegerar er dei lydlause og fangar byttet ved å slå med dei breie framlabbane. Midt på dagen og natta kviler dei i trekroner.
Det er to-fire ungar i kullet, og dei vert fødde om våren. Dei vert overlatne til seg sjølv ved ni-månadars-alderen.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- «Clouded Leopard» på Engelsk Wikipedia
- Verdens dyr, Cappelen 1985
- Hele verdens dyreliv, LibriArte 1996