Kattefamilien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kattefamilien
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Underklasse: Theria
Infraklasse: Placentale pattedyr Placentalia
Overorden: Laurasiatheria
Orden: Rovpattedyr Carnivora
Underorden: Feliformia
Familie: Kattefamilien Felidae
Fischer, 1817

Kattefamilien (Felidae) er ein rovdyrfamilie med ca 35 ulike artar spreidd over heile verda unnateke Oseania og Antarktis. Med drahjelp frå tamkatten kan dei seiast å vera den mest vellukka familien blant rovdyra.

Dei er kjøttetarar og predatorar, og brukar dei store kvasse hjørnetennene sine til å fange bytte. Eit typisk kattedyr er ein einsam jeger med tilhaldsstad i ein skog.

Store kattedyr[endre | endre wikiteksten]

Dei store kattedyra høyrer til slektene Panthera, Acinonyx og Neofelis, og skil seg frå dei mindre kattane ved å kunne brøla og å ha pels mellom snute og overleppe. Til denne gruppa høyrer nokre av dei mest frykta pattedyra i verda, mellom anna løve, tiger og leopard.

Små kattedyr[endre | endre wikiteksten]

Dei små kattedyra har ein malande låt og høyrer til underfamilien Felinae. Det finst om lag 30 artar små kattar, mest kjend er den vanlege huskatta. Trass i namnet kan fleire av artane i denne gruppa bli ganske store, mellom anna puma, gaupe og serval.

Utvikling[endre | endre wikiteksten]

Dei første kattedyra kom til for rundt 40 millionar år sidan, i eosentida. Familien er truleg mest i slekt med mungoane, snikekattane og hyenane.

Dei første medlemmane i kattefamilien dukka opp for om lag 50 millionar år sidan, i tidsperioden eocen. Mellom dei mest kjende forhistoriske kattedyra kan ein rekna sabeltigrane Smilodon og Homotherium, som levde frå oligocen (ca 38 millionar år sidan) til sein pleistocen (ca 8000 år sidan), men desse har ingen levande etterkommarar i dag. Dei første moderne kattane (underfamilie Felinae) dukka opp i miocen, for 25 millionar år sidan.

Kattedyra er òg dei mest einsidig kjøtetande rovdyra, og dei har ein kort tarm tilpassa denne dietten. Elles liknar dei fleste dyra på kvarandre i bygnad og i visse eigenskapar, som godt mørkesyn og store ungekull.

Artsoversyn[endre | endre wikiteksten]

Gepard i Ngorongorokrateret i Tanzania.
Jaktande karakal i Serengeti.
Kodkodkatt (Oncifelis guigna)
Flathovudkatt (Plionailurus planiceps)
Snøleopard (Panthera uncia)

Denne inndelinga av nolevande artar nedanfor følgjer konferansen Felid TAG (Taxonomic Advisory Group) som fann stad i mars 1996.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Kattefamilien