Tristan & Isolde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tristan & Isolde
OpphavslandStorbritannia, Tyskland, USA Edit this on Wikidata
SpråkEngelsk
Sjangeractionfilm, dramafilm, romantisk film, krigsfilm
RegiKevin Reynolds
ProdusentRidley Scott
Tony Scott
Lisa Ellzey
Giannina Facio
Moshe Diamant
Elie Samaha
ManusDean Georgaris
MedverkandeJames Franco
Sophia Myles
Rufus Sewell
MusikkAnne Dudley
SjeffotografArthur Reinhart Edit this on Wikidata
Utgjevingsår2005
Lengd125 min.

Tristan & Isolde er ein engelskspråkleg romantisk dramafilm basert på mellomaldersoga om Tristan og Isolde. Han vart produsert av Ridley Scott (som hadde arbeidd med ei tilpassing av legenda sidan midten av 1970-talet) og Tony Scott, og regissert av Kevin Reynolds. Den amerikanske skodespelaren James Franco og den engelske skodespelaren Sophia Myles hadde hovudrollene som høvesvis Tristan og Isolde. Den tredje hovudpersonen, kong Marke av Cornwall, blei spelt av Rufus Sewell. Filmmusikken var komponert av Anne Dudley. Dette vart den siste filmen Franchise Pictures gav ut før selskapet gjekk konkurs. Filmen var ein amerikansk, engelsk og tysk samproduksjon og delvis spela inn i Tsjekkia. 

Handling[endre | endre wikiteksten]

Filmen går føre seg i mellomaldertida i Storbritannia og Irland. Kong Marke av Cornwall (spela av Rufus Sewell) planlegg å sameine dei britiske folka, keltarar og angelsaksarar, med seg sjølv som overkonge for å stå imot irsk herredømme. Den irske kongen Donnchadhs (David O’Hara) oppdagar dette og sender soldatar for å angripe ei festning der ein avtale mellom dei britiske stammene blir diskutert. Angrepet fører til at festningsherren og kona hans blir drepne, og kong Marke reddar sonen deira Tristan, men mister sjølv ei hand.

Då han føler medynk for guten fostrar han Tristan i sin eigen heim. Tristan (James Franco) veks opp til å bli ein barsk og modig krigar, og lojaliteten hans til kong Marke er ikkje som ein riddar til sin herre, men heller som ein son til sin far. Tristan og andre krigarar frå Cornwall angrip eit irsk slavetog. I kampen hamner Tristan i kamp med Morholt, Donnchadhs fremste kjempe og hærføraren hans. Det er Morholt prinsesse Isolde (Sophia Myles) har blitt lova i ekteskap til. Sjølv om Tristan drep Morholt og Donnchadhs styrke er blitt overmanna blir Tristan sjølv dødeleg såra i kampen og er rekna som død. I verkelegheitene lid han av effektane av Morholts forgifta sverd.

Lekamen til Tristan blir send ut på havet i ein gravbåt som til sist skyler inn på Irland. Han blir oppdaga av Isolde og terna Bragnae hennar. Ho gjev han ei motgift som reddar livet hans, og lækjer han deretter leger tilbake til helse. Tristan og Isode blir forelska, men ho har ikkje fortald han sitt verkelege namn. Etter ei tid blir Tristan tvinga til å flykte frå Irland og tilbake til Storbritannia.

Renkefull planlegg Donnchadh å erobra Storbritannia, og føreslår ein fredsavtale der han lover dotter si Isolde i ekteskap til vinnaren av ei riddarturnering. Tristan deltar på vegner av onkelen sin, kong Marke. Han veit ikkje at prisen er kvinna han elskar, Isolde. Han vinn turneringa, berre for å oppdage sanninga om Isolde, og ser henne trulova til kong Marke.

Sjølv om Marke er vennleg mot Isolde, høyrer hjartet hennar til Tristan. Han sjølv er riven mellom kjærleiken sin til Isolde og lojalitet mot Marke. Paret gjev etterkvart etter for kjærleiken og byrjar eit forhold som er løynd for Marke, men talar ofte om å avslutta forholdet ut frå pliktkjensla mot Marke. Dei blir oppdaga av Wictred, som konspirerer med Donnchadh for å nytte seg av forholdet for å velte Marke frå trona og sjølv overta henne.

I Tristans siste forsøk på å avslutte forholdet blir han og Isolde fanga i ein vanskeleg situasjon av alle dei britiske kongane. Kongane vedtek å skiljast frå Marke, alliansen bryt saman og kona og fosterson har svika han. Marke er først rasande, men mildnast då han får høyre Isolde forklare si historie med Tristan. Han tilbyd dei ein sjanse til å flykte saman.

Inspirert av Wictred angrip dei britiske kongane Donnchadh og hans irske menn. Då den harde kampen mellom britane og irane bryt ut ber Marke den døyande Tristan ned mot elva der dei møter Isolde. Marke etterlét seg Tristan for å gå tilbake og leia britane til siger. Tristan døyr til sist i armane på Isolde etter å ha uttala sine siste ord: «Du hadde rett. Eg veit ikkje om livet er større enn dauden, men kjærleiken var meir enn begge delar.» Isolde ser han gravleggjast i ruinane av den romerske villaen der dei hadde møttest for å vera saman. Ho plantar to piletre ved grava, som veks opp og viklar seg saman. Ho forsvinn deretter frå historia og blir aldri sett igjen. Det blir fortald at Marke sigra over irane, sameinte Storbritannia og deretter styrte fredfylt fram til han døydde av alderdom.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Filmen fikk 32 % i vurdering av nettstaden Rotten Tomatoes, med ei semje om det var «kompetent om enn noko statisk», og feila i «å oppnå den brusande romantikken som den hadde som mål». 38 av 119 meldingar var fordelaktige. Hos Metacritic skåra filmen 49 ut av 100 poeng basert på 33 meldingar, med blanda eller gjennomsnittleg kritikk. Filmen opna som nummer 8 i helga 13. januar 2006. Han spilte inn brutto 7,85 millionar dollar den første helga. 30. mars 2006 hadde filmen spilt inn 14,73 million dollar i USA

Kjelder[endre | endre wikiteksten]