Troilltampen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Troilltampen, òg Tråilltampen eller Trolltampen, var ein vise- og amatørfestival som vart skipa i 1973 etter initiativ frå Jack Berntsen og første gong arrangert på Ulvsvågskaret i Hamarøy. Festivalen vert rekna som ein av dei eldste musikk- og kulturfestivalane i Nord-Noreg.[1] Føremålet med arrangementet var at alle som ville skulla få opptre med musikken sin.

Jack Berntsen har uttalt at «Troilltampen kom igang i begeistringsrusen etter sigeren over ja-folket i folkeavstemminga om norsk telslutning tel EEC. Dessutan ha vi på kjensla at rundt om va det mange som song, utan at dei kunn kom saman nokon plass. Det vist sæ at det va behov for å sammel kreftan.»

Troilltampen vart siste gong arrangert i 2008 etter å ha slite økonomisk blant anna på grunn av dei høge utgiftene for vakthold frå politiet.[2]

Arrangement[endre | endre wikiteksten]

Troilltampen vart arrangert årleg i perioden mellom 1977 og 1987 med unntak av i 1980 då festivalen vart stoppa av Nordland vegkontor på grunn av trafikale tilhøve. Deretter vart festivalen arranger i perioden mellom 1996 og 2008 med unntak av åra 1998, 2000 og 2007.

År Stad Nokre artistar
1973 Ulvsvåg Jack Berntsen og Visegruppa Lovisa
1974 Ulvsvåg Marit Mathiesen og Elisabeth Skaar-Christensen
1975 Ulvsvåg Nordnorsk Visegruppe
1976 Storjord Knut Magne Myrland
1977 Storjord Halvdan Sivertsen
1978 Storjord Tysfjord Song & Sement, Herbjørg Wassmo og Dag Kajander
1979 Storjord Visegruppa Medvind og Ragnar Olsen
1981 Storjord Dr. Fish
1982 Gimsøya Slakt
1983 Gimsøya Mattis Hætta
1984 Gimsøya
1985 Gimsøya
1986 Kalle i Lofoten
1987 Kalle i Lofoten
1996 Storjord
1997 Storjord
1999 Storjord
2001 Storjord
2002 Ulvsvåg Slakt
2003 Ulvsvåg Propell
2004 Ulvsvåg Guano Deadlines og rundt 100 andre artistar.[3]
2005 Ulvsvåg Tungtvann[4] og rundt 30 andre artistar
2006 Ulvsvåg
2008 Ulvsvåg[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. helenorge.no: annonse.
  2. Harstad Tidende, artikkel 3. februar 2009: Den siste Troilltampen.
  3. Avisa Nordland 4. juli 2004: Troilltampen skal bli mer intim.
  4. ABC Nyheter 22. juni 2005: Festivaltips.
  5. Lokalavisa NordSalten 27. februar 2008: Troilltampen, så klart.