Jack Berntsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Joakim Jan Aril (Jack) Berntsen (fødd 14. oktober 1940 i Kjøpsvik, død 5. oktober 2010) var ein norsk filolog og visesongar, kjend for ei rekke utgjevingar og visebøker.

Han voks opp i Tverråsen i Skilvassbakk på Hamarøy, var tidleg aktiv i dansebandmiljøet, vart utdanna cand.mag. i filologi ved Universitetet i Oslo (1963-68), og arbeidde seinare som adjunkt ved Svolvær vidaregåande skole. Berntsen etablerte «Viseklubben Lovisa» i Svolvær (1968), og musikkfestivalen Troilltampen (1973).

Berntsen vart kjend gjennom debutplata Kor e hammaren Edvard? (EP, 1974) med tekst frå Jahn-Arill Skogholts opphavlege Bygdevise. Deretter kom Med hammar og høtt (1976), Det e håp i hænganes snøre (1978), Ongan i Lofoten (1981), I ly av Lofotveggen (1984), Lille Bolla Bølla og andre boller (1986), Badestrandsballade (EP, 1986), Bussjåfør (EP, 1986), Nordover (1990), The best of J.B.; med røde rose (1996) og Det gode liv (1999).

Berntsen gav ut visebøkene Det e lys lenger frem (Nordnorsk Forfatterlag, 1976), Sol bakom skyan (Oktober forlag, 1979/87), Ongan i Lofoten (Oktober forlag, 1981), Lille Bolla Bølla (S-forlaget, 1986) og Sanga i søkk og kav (Samlaget, 1995). Han bidrog også til teatermanuset Jacks eventyrverden for Hålogaland Teater (2003), er representert i fleire antologiar som Circum Polaris (1997), og Band tel ei bygd (2004). Han laga barneprogram for NRK TV (Da TV'n gikk i stykker 1985; Under Lofotveggen 1995), og låten «Vi sei NEI NEI NEI« i samband med EU-valet (1994).

I 2007 blei Jack Berntsen tildelt statens stipend for eldre fortente kunstnarar som ei påskjønning for mangeårig og verdifull innsats.

Berntsen døydde i Svolvær i 2010.

Visegruppa Lovisa[endre | endre wikiteksten]

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]