Troyes
| Troyes | |||
|---|---|---|---|
| |||
| Land Region Departement |
Frankrike Grand Est Aube | ||
| Flatevidd | 13,2 km² | ||
| Flatevidd • By |
13,2 km² | ||
| Innbyggjarar • By (1999) - folketettleik |
60 958 4 618/km² | ||
| Koordinatar | 48°17′59″N 04°04′45″E / 48.29972°N 4.07917°E | ||
| Høgd | 116, 100, 126, 110 m | ||
| Nettstad: http://www.ville-troyes.fr | |||
Troyes er ein by og kommune nordaust i Frankrike. Han er préfecture (hovudstad) i departementet Aube og ligg ved elva Seinen i nærleiken av byen Pont-Sainte-Marie. Troyes har i overkant av 60 000 innbyggjarar.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Troyes har eksistert sidan romartida. I mellomalderen vann byen seg eit namn som sentrum for handel og er det framleis. Ludvig den stamme vart krona i byen i 878 av pave Johannes VII. Fyrsten i Champagne valde Troyes som sete. I 1285, då Filip den smukke annekterte Champagne til kongeriket, hadde byen ei rekkje privilegium.
Johan den fryktlause, hertug av Burgund og alliert med England, ville gjere byen til hovudstad i Frankrike i 1417. Han vart einig med Isabella av Bayern, kona til Karl VI av Frankrike, om at byen skulle ha hoff, råd og folkeforsamling med kontrollerande organ. I Troyes vart Henrik V av England 21. mai 1420 forlova med Catherine, dotter til Karl VI. Ho skulle følgje etter han som dauphin. Fredsavtalen i Troyes frå 1420 skulle få slutt på Trettiårskrigen. I 1429 vann Jeanne d'Arc byen tilbake fra engelsk herredøme.
Næringsliv
[endre | endre wikiteksten]Klesfabrikanten Lacoste har hovudkontor i byen. Det er òg anna tekstil- og gummiindustri i byen. Ettersom han er ein del av Champagne-distriktet, er det òg omfattande vinproduksjon her.
Kjende folk frå byen
[endre | endre wikiteksten]- Chrétien de Troyes, diktar frå 1100-talet (trouvère)
- Linard Gonthier (1565–etter 1642), glasmålerikunstnar (verrier)
- François Girardon (1628–1715), bilethoggar
- Marguerite Bourgeoys (1620–1700), ordensgrunnleggjar i Montreal
- Rashi (1040–1105), bibelsk og Talmud-kommentator
- Rabbeinu Tam (1100–1171), rabbinar, barnebarn av Rashi