Trugberg
Utsjånad
| Trugberg | |||
| fjell | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fjellkjede | Bern-Alpane | ||
| Høgd | 3 933 moh. | ||
| Primærfaktor | 306 m ↓ mot Mönch | ||
| Koordinatar | 46°32′50″N 8°00′56″E / 46.54722°N 8.01556°E | ||
| Førstestiging | Emil Burckardt | ||
| • dato | 13. juli 1871 | ||
![]() Trugberg 46°32′50″N 8°00′56″E / 46.547222222222°N 8.0155555555556°E | |||
| Wikimedia Commons: Trugberg | |||
Trugberg er eit fjell i Bern-Alpane i Sveits. Fjellet ligg oppfor Konkordiaplatz der firnen til Jungfraufirn på vestsida og Ewigschneefeld på austsida møtes og dannar Aletschbreen. Trugberg ligg sør for Mönch.
I 1841 prøvde ei gruppe utforskarar, inkludert Louis Agassiz, å nå Jungfrau. Men då dei nådde fram til Konkordiaplatz, der fleire fjell møtest, la Agassiz i veg mot feil topp. Då han etter kvart oppdaga feilen sin kalla han fjellet Trugberg, som tyder svikefullt fjell.[1]
Trugberg vart først klatra 13. juli 1871 av Dr. Emil Burckardt frå Basel, med dei to lokale guidane Peter Egger og Peter Schlegel. Ruta dei tok gjekk langs austegga.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Trugberg» frå Wikipedia på engelsk, den 12. februar 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Swiss mountains namns www.swissworld.org.


