Hopp til innhald

Trygve Waage

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Trygve Waage
Fødd22. april 1918
Død

21. april 1978 (59 år)

Trygve Waage (22. april 191821. april 1978) var ein norsk sjakkorganisator. Han var i åra 1967-1970 president i Norges Sjakkforbund[1], og vart i juli 1977 den første formannen i det som då heitte Norges Sjakkforbunds Ungdom, no Ungdommens Sjakkforbund.[2]

Trygve Waage gjorde ein stor innsats med å organisere skule-, barne- og ungdomssjakk gjennom mange år. Frå sesongen 1964/65 vart han formann i Norges Sjakkforbund sitt skulesjakkutval[3], frå juli 1966 visepresident og frå juli 1967 til juli 1970 president i Norges Sjakkforbund[4] I alle desse posisisjone la han stor vekt på rekruttering, skule- og ungdomssjakk.

Då han gjekk av som president i 1970 tok han på seg vervet som formann for Norges Sjakkforbunds Ungdomsutvalg. Som formann gjekk han i gang med å bygge opp ein organisasjonsstruktur, mellom anna med kontaktpersonar for barne- og ungdomsarbeidet i alle fylke, «ungdomskonsulentar».[2]

For å få støtte som ungdomsorganisasjon frå dåverande STUI, viste det seg nødvendig å opprette ein eigen organisasjon, med eige styre, eige årsmøte, eigne krinsar og lokallag. Dette vart etter gode førebuingar fremma som forslag til Norges Sjakkforbund sin kongress i Bergen i 1977, der forslaget vart vedteke, og som ovanfor nemnt: Arkitekten og organisasjonsbyggaren vart den første formannen.[2]

Trygve Waage døydde uventa dagen før han skulle feira 60-årsdagen sin.

Æresmedlem i Norges Sjakkforbund og Norges Sjakkforbunds Ungdom

[endre | endre wikiteksten]

Trygve Waage blei på årsmøtet i Norges Sjakkforbunds Ungdom i juli 1978 utnemnd til organisasjonen sin første æresmedlem, post mortem.[2] Han var allereie på kongressen i Norges Sjakkforbund 20. juli 1974 utnemnd til æresmedlem i Norges Sjakkforbund.[5]

Fotnotar

  1. Brekke s. 94
  2. 1 2 3 4 Brekke s. 78
  3. Brekke s. 72
  4. Brekke s. 96
  5. Brekke s. 5