Trykksystem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Eit trykksystem er eit område i jordatmosfæren der lufttrykket er lågare eller høgare enn normalt. Termodynamiske effektar i atmosfæren og havet fører til at høg- og lågtrykk kontinuerleg oppstår og døyr ut.

Trykkssytem på vêrkart[endre | endre wikiteksten]

vêrkart kan ein sjå ei grafisk framvising av trykksystem, ofte i lag med vêrfrontar. Lågtrykksystem vert merkte med ein stor L, med mindre dei er tropiske stormar eller tropiske syklonar då spesielle vêrsymbol vert brukt. Høgtrykkssystem vert merkte med ein stor H. Kor kraftige trykkssystema er kan ein sjå etter kor tett isobarane ligg.

Lågtrykksystem[endre | endre wikiteksten]

Lågtrykkssystem har som regel syklonske eigenskapar. På nordlege halvkule bles vinden mot klokka rundt lågtrykket på grunn av corioliseffekten, medan den bles med klokka rundt lågtrykket på sørlege halvkule. Lågtrykksystem fører som regel til skya vêr og nedbør, og innimellom kraftig vind om lågtrykket er kraftig nok.

Dei kraftigaste uvêra i historia har oppstått i samband med syklonske lågtrykkssystem. Tornadoar har til dømes svært lågt trykk i senteret.

Det lågaste lufttrykket i havnivå som er observert er på 869,96 hPa. Det skjedde i det vestlege Stillehavet under tyfonen Tip den 12. oktober 1979.

Høgtrykksystem[endre | endre wikiteksten]

Høgtrykksystem er ofte karakterisiert med klart og kjølig vêr. Vinden bles antisyklonsk rundt høgtrykk, det vil sei med klokka på nordlege halvkule og mot klokka på sørlege halvkule.

Om vinteren på den nordlege halvkula finn ein ofte vedvarande høgtrykk over Nord-Amerika og Sibir, i tillegg til at dei ofte oppstår over Nord-Europa. Dette kan føre til kuldebølgjer, som innimellom kan oppstå svært brått. I indre område av Nord-Amerika har ein observert at temperaturen har fall med så mykje som 25ºC på berre nokre timar i slike tilfelle.

Høgtrykkssystem fører sjeldan med seg nedbør sidan dei produserer lite skyer. I kombinasjon med andre vêrsystem kan kaldlufta dei fører med seg innimellom likevel føre til kraftig snøfall.