Tsjalukya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
ಚಾಲುಕ್ಯ ರಾಜವಂಶ
Tsjalukyariket
Blank.png
543–1189 Blank.png
 
Blank.png
Plasseringa til Tsjalukya
Hovudstad Badami
Språk Kannada, sanskrit
Religion Hinduisme, djainisme
Styreform Monarki
Historisk periode Mellomalderen
 - Oppretta 543
 - Opphøyrde 1189

Tsjalukya var eit rike som herska over Dekkan, sørlege og sentrale India frå 543 til 757. Riket blei seinare delt i Austre Tsjalukya, som herska i Vengi (austre Andhra Pradesh) ca. 624 til 1070, og Vestre Tsjalukya, som herska i vestlege Dekkan frå rundt 975 til 1189. Tsjalukyariket markerte ein gullalder for kannadakultur i området til den noverande delstaten Karnataka.

Kannada-innskrift under tsjalukyakongen Mangalesa frå 578, ved holetemepel nummer 3 i Badami.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Riket kan førast tilbake til høvdingen Pulakesjin I frå Bijapur-distiriktet (herska 543-566), som gjorde opprør mot føydalherrane sine i Kadambariket og vann kontroll over områda mellom Tungabhadra- og Krisjnaelva og Dei vestlege Ghatfjella. Han grunnla ein festningsby i fjella som hovudstad. Byen heitte Vatapi, men blei seinare kjend som Badami. Dynastiet som herska herfrå er også kjend som Badami-Tsjalukya.

Sonen til Pulakesjin, Kirtivarman I, erobra Konkankysten i nord, som var eit rikt handelsområde. Deretter utvida Tsjalukya-dynastiet riket mot aust og nordvest. Austre Tsjalukya blei skipa i om lag 624, då Pulakesjin II erobra kongedømet Vengi og gjorde bror sin til herskar der.

Riket tapte terreng for Pallavadynastiet på 640-talet. Vatapi blei erobra, men vunnen tilbake i 655. Etter dette utvida Tsjalukyariket seg til noverande Gujarat i nord og til Kanchipuram, hovudstaden til Pallavadynastiet, i sør. Riket blei så slått tilbake av Rasjtrakutariket i 757. Då dette riket fall rundt 975 blei Vestre Tsjalukya gjenetablert med Kalyani som hovudstad.

Den neste store utfordraren for Tsjalukyaherskarane var Tsjolariket. Dei to dynastia blei til slutt sameinte gjennom at Tsjola-herskarane adopterte Tsjaluky-familien. Dei to rika blei sameinte gjennim Kulottunga I, eller Radjendra Tsjola II, i 1170.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Chalukya dynasty» (2011). Encyclopædia Britannica. Encyclopædia Britannica Ultimate Reference Suite. Chicago: Encyclopædia Britannica.
  • Denne artikkelen bygger på «Chalukya dynasty» frå Wikipedia på engelsk, den 14. september 2014.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne historieartikkelen som har med India å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.