Konkan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Konkan
Astounding Konkan!.jpg
Wikimedia Commons: Konkan

Konkan eller Karavali er eit område langs vestkysten av India som ligg mellom Ratnagiri og Mangaluru. Innbyggjarane herfrå blir kalla konkani og talar ofte språket konkani.

Konkan har ikkje ein fastlagd definisjon, men kan seiast å strekkja seg frå Damaon i Cambaybukta, langs heile kysten av Maharashtra og Goa, til Kanarakysten i Karwar i Karnataka eller til Malabarkysten i sør. Ein kan også leggja grensene ved elvene Daman Ganga i nord og Gangavalli i sør.[1] Området er avgrensa av Dei vestre Ghatfjella i aust og Arabiahavet i vest. Det gamle området Sapta Konkan strekte seg heilt frå Gujarat til Kerala.[2]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Maharashtra-delen av Konkan, etter dei distriktsgrensene som gjeld i dag.

Delstaten Maharashtra nytter namnet Konkan for ein av sine seks divisions, det vil seia grupper av distrikt, og då inngår også dei to distrikta som omfattar storbyen Mumbai.

Byane Karwar, Ankola, Kumta, Honavar og Bhatkal ligg også langs Konkankysten.

Kart over Konkanbeltet i Maharashtra med fjellstader (hill stations), vegar og jernbaner mellom dei.

Distrikta i området er, frå nord til sør:[3]

  1. Palghar distrikt
  2. Thane distrikt
  3. Mumbai Suburban distrikt
  4. Mumbai City distrikt
  5. Raigad distrikt
  6. Ratnagiri distrikt
  7. Sindhudurg distrikt
  8. Goa
  9. Uttara Kannada
  10. Udupi
  11. Dakshina Kannada

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bhandare, Vasant Ramchandra (1985) Maharashtra-Karnataka border dispute: politics of manipulation. Kirti Prakashan. s. 63.
  2. Saradesāya, Manohararāya (2000) "The Land, the People, and the Language". A History of Konkani Literature: From 1500 to 1992. Sahitya Akademi. s. 1–14. ISBN 9788172016647.
  3. List of districts in Konkan division