Tuamotusnipe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tuamotusnipe

Status i verda: EN Sterkt truga

 Tuamotusnipe 
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Charadriiformes
Familie: Scolopacidae
Slekt: Prosobonia
Art: P. parvirostris
Namn på andre språk
  • Engelsk: Tuamotu Sandpiper
  • Vitskapleg namn
    Prosobonia parvirostris
    Peale, 1848

    Tuamotusnipe (Prosobonia parvirostris) er ein liten vadefugl og medlem i snipefamilien, Scolopacidae. Arten har særs avgrensa utbreiing, han er endemisk til Tuamotu-øyane i Fransk Polynesia, og han er dessutan klassifisert som truga grunna den litle noverande og framleis minkande populasjonen. Han blir nokre gonger plassert i den monotypiske slekta Aechmorhynchus. Eit lokalt namn, tilsynelatande på tuamotuansk, er kivi-kivi.

    Skildring[endre | endre wikiteksten]

    Den 15-17 cm lange tuamotusnipa er ei lita, kortvenga, spraglete brun snipe med meir eller mindre tverrstripa underside. Det korte skarpe nebbet er litt nedbøygd og liknar nebbet til ein insektetande sporvefugl. Irisen er brun, nebbet er gråsvart og beina og føtene er skittengule til mørk olivengrå; tærne manglar symjehud.

    Det finst to fargevariantar med mellomformer:

    • Lyse fuglar er medium brune på oversida og kvit under, med lyse tverrstriper eller flekker på brystet og kvitaktige striper på hovudet. Augebrynstripa og haka er òg kvit. Halefjørene er brune med kvite tippar og kvite trekanta markeringar langs ytterkanten av dei ytre fjørene.
    • Fjørdrakta åt mørke fuglar har erstatta medium med mørkare brun og kvitt med lys gulbrunt. Flankane er brune, og heile undersida er tungt tverrstripa med brunt.

    Hoer og hannar er like, hoene har ein tendens til å vere litt større og bleikare i gjennomsnitt.

    Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

    I tillegg til Tuamotu-øyane i Fransk Polynesia hekkar denne arten på atollane Tenararo, Morane, Reitoru, Tahanea og Raraka.

    Økologi og åtferd[endre | endre wikiteksten]

    Denne fuglen lever på uforstyrra atollar der dei beitar ved strender og i krattskog, men er meir sjeldan funnen i Pandanus-kratt. Føda er insekt som maur, dvergsikadar og kvefs, kan òg ta noko vegetasjon.

    Lætet er ein mjuk, høg fløyte eller piping, transkribert som meh.

    Arten hekkar til ulike tider på dei ulike øyane, vanlegvis mellom april og juni. Reiret er ikkje meir enn ei lita senking i korallfjæra med noko skjelfragment og fôra med gras eller liknande vegetabilske materialar. Kullet er trudd å vere to egg.

    Status[endre | endre wikiteksten]

    Tuamotusnipa er truga av innførte rotter og av habitatøydelegging forårsaka av utbreiing av kokosplantasjar, og er derfor oppført som truga. Arten hadde tidlegare mykje vidare utbreiing, han overlever no på ei avgrensa mengd av rottefrie atollar. Bestanden vart estimert til 870 individ i 2004 og er minkande.[1]

    Kjelder[endre | endre wikiteksten]

    Referansar
    1. BirdLife International (2016) Species factsheet: Prosobonia parvirostris. Henta frå http://www.birdlife.org den 7. august 2016

    Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]