Hopp til innhald

Tulane University

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tulane University


Grunnlagt1834
StadNew Orleans
Studentar13 927 (september 2020), 13 447 (1. september 2021)
Tilsette4 000
MedlemskapAssociation of Research Libraries, Southeastern Conference, ORCID, Association of American Universities, Association of American Colleges and Universities, American Council on Education, National Humanities Alliance, CNI, Center for Research Libraries, Coalition of Urban and Metropolitan Universities, Council on Governmental Relations
Nettstadhttps://tulane.edu (engelsk)
Kart
Tulane University
29°56′27″N 90°07′14″W / 29.940833333333°N 90.120555555556°W / 29.940833333333; -90.120555555556

Tulane University er eit privat universitet i New Orleans i den amerikanske delstaten Louisiana. Det vart grunnlagt som offentleg, medisinsk universitet i 1834, og er det einaste i USA som har vorte privatisert.[1] Tulane er med i Association of American Universities og er rekna som del av «Sørstats-Ivy League».

Newcomb Art Department i 1904.

Universitetet blei grunnlagd som Medical College of Louisiana i 1834, delvis for å motverka trugsmål frå sjukdommar som koppar, kolera og gulfeber i USA. Det var den andre medisinske utdanningsinstitusjonen i Sørstatane, og den 15. i USA. I 1847 blei institusjonen omdanna til eit offentleg universitet, The University of Louisiana, med eit juridisk fakultet i tillegg. Det blei utvida med fleire akademiske utdanningsfelt for menn i 1851.

Universitetet var stengd frå 1861 til 1865, under den amerikanske borgarkrigen. På grunn av depresjonen i det sørlege landbruket etter krigen hadde det store økonomiske problem etter gjenopninga. Næringslivsmannen Paul Tulane donerte store landområde til universitetet. Det blei også etablert eit fond, Tulane Educational Fund. I 1884 overførte delstatsregjeringa i Louisiana ansvaret for universitet til styret, og det blei privatisert som Tulane University of Louisiana. I 1886 førte ein større donasjon frå Josephine Louise Newcomb til oppretting av eit college for kvinner, H. Sophie Newcomb Memorial College, det første parallelle kvinneuniversitetet i USA. I 1894 blei det etablert eit teknologifakultet, seinare School of Engineering, og universitetet flytta til St. Charles Avenue i Uptown New Orleans, der det ligg i dag.

Moderne Health Sciences Center i 2006.

Fagfelt og studentar

[endre | endre wikiteksten]

Universitetet har i dag fakultet innan medisin, tropemedisin, jus, økonomi, arkitektur, informasjonsteknologi, ingeniørfag og humanistiske fag. Undervisinga blir gjeve opp til doktorgradsnivå.

Ved lærestaden var det i 2006 10 606 studentar og 1 319 vitskapleg tilsette. Dette året var skulepengane US$ 34 896 for studentar folkeregistrert i USA.

Kjende tidlegare studentar omfattar yahoogründeren David Filo, politikaren Newt Gingrich og TV-verten Jerry Springer.

Fotnotar

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Tulane University